Gå til innhold

flygefisk

Members
  • Innlegg

    105
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av flygefisk

  1. Fisker mykje lakse med sekser WF snøre på åtterstanga. Scott E2. Går fint. Litt vanskeleg med vannkasta, men går godt så lenge du søker svar ved å sjå på snørebukta og korleis fortommen ankrer opp. Med baksleng flyr heile snøret ut. Trenger bare å ha meir snøre ute før du slepper... Har testa med Airflo Ridgeline og Guideline Force. Bruker elles 20 gram klumper på denne stanga. I løpet av laksesesongen har det hendt at eg har fiska så mykje med flyt WF at når eg går tilbake til klumpene så kjennes dette heilt merkeleg tungt ut:-). Tilvenning begge veier... Blir nesten som i mørket, du kaster uten synet. Med for lett line kaster du ut fra det du ser, og uten følelse....
  2. www.fluefiskeutsalget.no og silverfishing (selger via facebook). Dei har det utrulegaste inne av laksemateriale. Farger i alle fargar og er i stand til å skaffe alt du ber om... Grandesfluefiske.no var genialt, men driv og avvikler...
  3. Eg foretrekker Kamasan sine ørretdobbel. Men dei har nedoverbøygd auge. Syns desse krokar godt... Fisker mest på Jæren-
  4. Eg får nå alltid mest fisk på høgresida av elva eg. Kan det ha med at eg sveiver med venstra?
  5. Køyrer du fisken med stanga pekande rett mot han? Eg løfter stanga for å bevege fisken. "Pumper" med den sterkaste handa, og sveiver ned... De kan kanskje bruke rimeleg tjukk fortom i nord sidan fisken er så altfor lett å få der uansett?
  6. Det er heilt nødvendig å halde stonga med sterkaste hånda når du får så mykje stor fisk som meg!!!
  7. Eg liker då best god gammeldags jernrive, lang og treffsikker. Fleire pigger, like effektiv som store trippelkroker med bly!
  8. Alt var bedre før, og nå må våren kome før det blir flere syte og klage tråder!
  9. Den som er fersk er best . Den i ferskvaredisken er jo fort ei veke gammal... Breiflabb er fantastisk på egensmak og konsistens, men det meste blir fantastisk om man ikkje overkoker/steiker det. Fersk kokt småsei kan vera veldig godt. kokt makrell også. Kokinga tek vekk akkurat passe mykje av den feite kraftige smaken. Sjøtunge er også heilt fantastisk på konsistens og smak. Unngå tilbehør som overdøyver smaken frå fisken, men gjerne godt tilbehør som komplementerer smaken på ein god måte. Helst ikkje på gamlemåten. Er svak for det meste av fisk som er bakt i ovnen med ferske urter, salt og grønnsaker.
  10. Syns konseptet til Korkers virker forlokkende. Men tviler på at dei tåler lyng og kratt så godt. Det gjer dessverre ikkje vadebuksene heller... Nokon nevner Simms Vapor. Stor forskjell på den og Rivertek? Korleis er grepet under vatn på desse? Sliter litt med dei gamle når det blir alger på steinane...
  11. ALternativ 1: Simms Rivertek_ http://www.skittfiske.no/Avdelinger/Fiskebekledning/Vadesko/Simms/Simms-Rivershed-Boot-Streamthread-Str-11-44-132424-p0000063793 Alternativ 2: Korkers: http://www.agdars.no/korkers-devils-canyon-vadesko.html Har eit par simms som ligner Rivertek. Med Aquastelth eller noko slik gummi i sålen. Har vart i fem-seks år og er endå råd å gå med. Einaste er at sålen er litt tynnslitt og glatt. Er kjempefornøgd. Så magefølelsen seier Simms. Sjølv om Korkers har fått gode kritikker. Ser for meg at det systemet med skifting av såler vil bli utslitt raskare. Eg kjem til å gå mykje i ulent terreng med myr og kratt i åra framover... Nokon som har erfaringar og vil dele? Gjerne erfaringar med begge?
  12. 1. Fiskespiser evt opportunist. Snappa nokre reker om dei var tilgjengelige i form av fluer. Men nå er det ikkje garantert at fisken ser ein pattegris utelukkande som reke heller... Kan vera andre huggreflekser som utløyses! 2. Er nok lodda og ikkje Tobisen eg tenker på. Fiska aldri sommmerstid. Var student. Fiska med den rosa fordi den gav resultat kvar gong. Hadde også større fisk som datt av på denne. Dei største var nok over to. Var vitne til eit sjøaureslakt utan like i ei stor bukt, der største på rosa flue var 4 kg. Heilt greit! Dei med sildesluker og fluer fekk ingenting. 3. Indre fjord=tilgjengeleg med kollektivtransport indre sone. Frå lysaker og innover. Hadde sjelden suksess. Men busstidene tillot ingen gunstige fisketidspunkt heller. Hadde ein tur på utsida av drøbaksundet. Det var noko anna
  13. Handler vel mykje om menyvalg som er tilgjengelige. På Jærkysten har eg inntrykket at den går nesten selektivt på lopper inntil tobisen kjem. I Sogn og Fjordane innaskjærs var brisling alltid på menyen og fluevalg deretter. Men også reker fiska greit. Fisken var ofte kvit i kjøtet. I Troms kun rosa reke inntil tobisen kom. Indre Oslofjord var søppel. Fekk aldri knekt koden der sjølv om eg fekk ein på 2,3 kg på sluk. Har hatt mest små på lopper. Men i nord fekk eg jamnt mykje stor fisk på små rosa. Om det er lopper eller krill det imiterte er ikkje så nøye for meg.
  14. Funker det å sette polyleadere i tuppen av versitippen? Snakka med ein kineser som leverer diverse snører etter Riomodeller. Han leverer noko likt versitippen sin bakdel som skagit. Har ikkje fått prøvekasta det endå. Men ser lovande ut. Dog ikkje like glatt som Originalen som også ligg uprøvd i skapet.
  15. flygefisk

    Glassline

    Har fiska godt med glassliner etter laksen eg. Usikker kor viktig det er. Dei fleste gongene har eg hatt den som oppsett 2 saman med flyt. Fiska først med flyt, og ofte hatt meir liv med glasslina etterpå. Fisker i alle fall ikkje dårligare... Litt vanskeleg å sjå bukta og farten på flua.
  16. Eg gløymer fort sånt når eg fisker kvar dag i laksesesesongen.... Klok av skade. Mister eg boksen i elva er den borte uansett.
  17. Vil ikkje vanntette bokser fort gje fuktig miljø og rust? Eg lager luftehol i mine og har hatt færre rusta krokar sidan...
  18. Riffling er ikkje lenger bare ein tulleteknikk for spesielt interesserte, men første våpen som presenteres for laksen i hølen!
  19. Har hatt litt same problemstillingane. Endte opp med Rio Scandi Short Versitip. Klasse 7 av denne er 27 eller var det 28 gram med spisser. Har styrt utom skagit då eg er skeptisk fordi eg ofte fisker glassklare brekk og grunne klare høler. Ellers har Zpey nokre compact klumper på salg hos skittfiske.no. Trur dei kan passe deg. Ein anna sak er at du får litt meir plass til å sett anker om du fisker på rett side av elva, sjølv om dette hjelper lite om D-loopen henger i greinene bak deg. Har ikkje erfaring med å kaste skagitklump. Men veit at dei bruker litt tyngre klumper enn vanleg for å få full sving på snap-T og Perry Poke, trippel airborne magic spey og alt det der fancy kastegreiene som eg visst kunne ein del av utan å kjenne namna på... Snap-T har eg vorte meg glad i å bruke med flyt/synk 5 klump og lite plass. Funker også når man har litt ekstra T-18 i spissen. Overraskande greit når man forstår fysikken bak kastet. Men med tungstentipp er det eit godt plask når spissen av klumpen deiser ned. Spørsmålet du må stille før du bestemmer deg er kor mykje bråk og plask strekket ditt tåler. Skal du langt ut, så ødelegger ikkje plasket frå klumpen så mykje. Sjølv fisker eg ofte med eihånds 8 med klasse 6 snøre for å ha kraft til kjøring og unngå unødig plask. PS! Må ikkje langt ut i mi elv... Konsekvensen av å bråke for mykje merkes kanskje ikkje første runden, men du får sjelden fisk på andre runden også om du har blåst hølen. Her har minimal vading, rett snørevalg og god presentasjon alt å seie... Lykke til!
  20. Meir om laksefiske og mindre moralisering om C&R. Stor forskjell på laksebestandene. Kanskje også derfor mange unnlater å poste. Eg er i alle fall redd for å måtte dele mine perler! Betre system for posting av bilete. Blir fort at eg ikkje gidder å poste av den grunn. Rapporter med bilete er det kjekkaste å lese. Gjerne eit lett system for speedrapporter frå mobil! Biletene burde bli automatisk sett saman i kollasj og teksten på bånn eller noko.
  21. Drasse med meg minst mulig utstyr for å orke å bære heim mest mulig fisk....
  22. Som sagt: er det utmark er det vel strengt tatt fri ferdsel. Kasting uten krok er ikkje fiske... Er det innmark, må man strengt tatt spørre grunneiger.
  23. Etter mitt skjønn forstår eg det slik at når det gjeld laks, så er den meget aggresiv i gytetiden. Dermed er den lett til å lure med ei stor flue som oppfører seg som en konkurrent. Når det gjelder ørret har jeg ikke erfaring. Men regner med at det er en viss kamp om de beste gyteplassene her også. Har noen steder der det ofte står fisk i september, mens det resten av sesongen er dårlige fiskeplasser. Denne fisken er ofte brunere enn gjennomsnittet... Men det hender det står blank! Ser som sagt ingen juridiske problem med å kaste med fluesnøre uten krok utenom sesong så lenge det er i utmark. Er det innmark gjelder vel andre regler når det gjeld allmennhetens ferdsel. Om du står i utmark og svinger et fluesnøre med en ulltråd bundet i fortommen tror jeg også at oppsynet heller vil le enn å klikke! Det er jo litt spesielt om man sammenligner med den vanlige mannen i gata
  24. Ser ikkje det store problemet. Er det laks eller aure det er snakk om? Om man kaster i eit litt straumhardt område eller eit anna område som har liten verdi med tanke på gyting og har ein fortom med ein splittring i enden så er det ikkje rare forstyrringa. Ville unngått noko som henger på for å sjå om den ville ha tatt ei flue osv. Fort at laksen hektar seg ei lita stund i ei klyse av ullgarn... Så har det nå litt å seia kva opplegg du køyrer i gang med. Tung skagit er vel litt vel drøyt. Blir ikkje det same å trene vannkast i vatn, hall eller på grasplen... Eit av dei vesentlege momenta er jo å få litt drag i snøret i innkastet. Blir ikkje det same å speye i stille vatn. Eg har nok ikkje den same respekten for auren som for laksen. Men så har kanskje det med at her eg held meg er det overbefolka i dei fleste aurevassdrag uansett. Og den beste forvaltninga vil vera å tynne i rekkene. Ei anna sak er om det nok er lurt å unngå hardaste gyteperioden, i alle fall i laksevassdrag. I tillegg ville eg unngått vading... Som ungdom vada eg ein gong i eit gyteområde for å sjå. Då var det ein stor laks som angreip føtene mine. Tok ikkje skade av det, men vart nok litt unødig stress. Har kikka mykje på gytelaksen seinare, virker ikkje som han bryr seg om så mykje anna enn territoriet og evt harem og konkurrentar... Eit siste moment du bør ta med deg er korvidt det at du kaster forsåvidt lovlig nok kan føre til at andre tenker det er greit å fiske med krok. Ville heller ikkje hatt med meg anna enn stang og splittringar til elva. Alt anna kan føra til at du blir beskyldt for tjuvfiske... Skal ein forby kasting utan krok må ein i tillegg forby kanopadling, kajakkpadling, rafting og all bruk av gytevassdrag i gytinga...
×
×
  • Opprett ny...