Gå til innhold

jak

Members
  • Innlegg

    147
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    5

Alt skrevet av jak

  1. jak

    Sjøfiske i mørke

    Nattfiske er veldig effektivt. Fordelen med nattfiske er at det er ingen andre der, fisken står veldig tett på land (eg meiner VELDIG tett på land) og du kan forlenga fisketid med mange timer. I mitt nattfiske brukar eg kvitt flytesnøre med relativt kort fortom, dvs stanglengde. Dette fordi eg ser når fluesnøre er slutt og fortom begynner. Ettersom fisken står veldig tett på land, dvs i tarekanten så har eg bare hatt problem med synkesnøre fordi eg sit så masse fast. Flytesnøre er heilt glimrande når eg fiskar så tett på land. Har hatt best fiske med lite vind og fint ver. Fisker med svart wolly med varierande inntrekk. Skal seiast at eg får meir torsk enn aure. Synes det er best fiske eit par timer etter skumring, får av ein eller anna grunn ikkje mykje fisk fyrste timen etter det er blitt mørkt. Eit godt tips er å ha kontroll på utstyr og slikt siden det er mørkt og alt tek lengre tid då, sjølv med lykt. Korte kast = lite problem. Lukke til!
  2. Litt småfeil blir det, men så går ein jo over sjølvbygde stenger med eit kritisk blikk som eg aldri har på kjøpestenger :-)
  3. jak

    oppdrettsinspirasjon

    Nei, det eksisterar ganske mange ulike anlegg på teststadie i dag som er sjøbaserte og som er heilt lukka, der vatnet går igjennom resirkuleringsanlegg og alt slam og avfallsprodukt vert samla opp. Utfordringa er at det er ingen vits i å satse på desse anleggstypane når vanleg konvensjonell teknologi kan brukast, fordi det er billegare.
  4. jak

    Butikker i Oslo?

    Hei, er det nokre butikker i oslo som selger stangbyggeting, skal innom oslo i løpet av neste veke og vil prøve å ha ein liten handletur. Nokon andre fluefiskebutikker som eg bør innom?
  5. jak

    oppdrettsinspirasjon

    Det er litt spesielt at kommunen vedtar ein konkret måte å drive oppdrett på tenker eg, utan at dei har noko fagleg grunnlag å bygge vedtaket på men at det er veldig innspelsbasert. Det som er viktig i oppdrett og all anna matproduksjon er at den er miljømessig bærekraftig, kva typer anlegg som vert brukt er jo irrelevant her. I tillegg er det jo eit interessant spørsmål som Tromsø kommune ikkje seier noko om, nemleg kva landområde skal dei bygge ned for å gje rom til oppdrettsanlegga, kva strandområder og naturområde skal gå med? Håper ikkje dette vert ein sak slik klima vs miljø har blitt, der ein god sak (landbasert/lukka anlegg) trumfar viktige naturverdiar (strandsone og naturområder). Liker ministeren sin argumentasjon: Ifølge fiskeriministeren har kommunen nettopp mottatt et betydelig millionbeløp fra Havbruksfondet. – Da synes jeg det er underlig at man gjør et vedtak nå der man stiller krav til en spesiell måte å drive oppdrett på, som faktisk i dag ikke er i bruk på en kommersiell måte i næringa. For når dei har fått pengar og så er dei framleis ikkje nøgd.....dei er vanskelege desse nordlendingane......
  6. jak

    Nitelva

    Topp, då gjer det resultat, sjølv om det tek litt tid! Bra at engasjement lønner seg.
  7. jak

    Nitelva

    Hei, har lest igjennom posten her, flott at du/de engasjerar dykk. Har eit par innspel. Det fyrste du må gjera er å senda eit skriftleg spørsmål til fylkesmann, fylkeskommune (som har koordinering av vanndirektivarb) og kommune (som har ein kontaktperson for vanndirektivarb) og nve (som føl opp konsesjon). Spør kva løyve kraftverket driv etter og om du kan få tilgang til dette. Spør i tillegg etter kva forvaltningsplan og evt tiltaksplan etter vanndirektivet som gjeld. Vis kort til ekstremt stor effektkøyring og at du har plukka opp stranda fisk. Alle tiltak som f eks kraftverk skjer etter søknad og godkjend løyve, derfor må ein etterspørre kva tillatelse som gjer at dette kan skje. Du skriv at du ikkje vil sende epost el brev. i slike saker er det heldig viktig at du sender noko skriftleg der du krev eit skriftleg svar. Då må personen/avd gje eit formelt svar og gjer ofte ein større effekt, hugs at dei ulike instansane har svarplikt. Send i tillegg ikkje direkte til person men til kontaktadresse + personen sin epostadresse. Det tek ofte tid før ting skjer men det er viktig at dei ulike instansane må svare for kva som vert gjort og kva lov og hjemmel som gjer at dei ikkje kan gjera noko med dette. Min erfaring er at eg får saklege svar på ulike ting eg har engasjert meg i ved å henvenda meg skriftleg, og at det har ein effekt ... stort sett.
  8. jak

    Put and Take - Hæ?

    Ja. med tanke på kor mange små og store vatn som ligg rundt om kring så er det eit stort potensiale å kultivera opp fisken som er der (dvs fiske ut). Kjenner til eit vatn utanfor haugesund og f eks ekso der det er gjort målretta kultivering og det har resultert i stor fisk og ein god del fiskarar. Rundt norges 2. største by så er det veldig mange vatn som burde ha eit potensiale og eit kundegrunnlag som har betalingsvilje men desverre så er det ingen grunneigarar eller frivillige organisajoner som jobbar målretta her (men jobber veldig målretta for laksefiske.....). Når det er sagt så hadde det vore kjekt med eit vatn med regnbogeaure som ein kunne fiske på i ny og ned.
  9. Har hatt ein karbon #2 og no har eg bambus ca #2-3 og ingen av dei har hatt problem med å kaste større fluer som vist på bilete, dvs grashopper og humpy på krok 12. Har kasta litt med indikator og nymfer, det krev litt meir i kasting og kjennes ikkje så veldig godt ut men på kort avstand så går det greit. Det er vel så viktig at du har ein skikkeleg fortom som overfører kraft skikkeleg heile vegen vil eg meine.
  10. Har prøvd , etter oppskrift frå nett, å ta handtak med snellefeste nedi nesten kokande vatn inni ein plastpose. Snellefeste løsna men ikkje korkhandtaket. Har prøvd litt forskjellig anna, mellom anna å legge den i steikeovnen på høg varme, fungerar heller ikkje. Så eg har ikje funne nokon god løysing, men har ein tanke om at korken absorberer litt lim som gjer at det er ekstremt godt heng, kontra snellefeste som kun limer overflatene mot kvarandre. Har resignert no når det gjeld kork og berre lagar nytt. Det eg hadde tenkt men aldri kom til var å frese ut med ein liten bor eller fres. det burde vera lett men svevestøvet er neppe supert for luftsystemet.
  11. Er nokre rimelege #2 i glassfiber ute i den store verda, dersom du har lyst til å vera eksterimentell. Eg har ei #2 stang no som erstatta ei tidlegare #2. Til mitt fiske i små elver og vatn etter fisk på 1-3 hg (og av og til nesten 5 hg....) synes eg dette er spot on, og brukar denne overaskande mykje. Akkilleshælen er kastelengde, dvs i lite vind opp til 15 m, i vind veldig mykje mindre. Men etter å ha fiska med denne i i løpet av sommaren så må eg sei at det går mykje fin fisk innen 10 m kastelengde i nærområda her. Einaste gongen eg saknar ei 9 fots stang er når eg evt har mulighet til å nymfefiske litt i stryk, då er det greit med litt lengde.
  12. Tenkte på djupne. Har erfaring med ulike intermediatliner og nokre stig fort opp over ved inntrekk. No er det tunge små gullhodenymfer og streamere som eg ser for meg vert mest brukt med skate inntrekk så det er kanskje ikke så stort problem.
  13. Kjem til å bruke snøret frå land men snørekurv er ikke aktuelt siden eg primært driv fjellfiske i mindre vatn. Men, same spørsmål som over, kva djupne fiskar du effektivt over med sinktip? Vil inntrekk føre til at flue går oppover i vassøyla? Ser at eg kanskje må kjøpe to snøre og teste ut til eige bruk.
  14. Takk fo svar. Har sett dei visionlinene på finn. Men går det greit med Intermediatline? Har ein del erfaring frå sjø med intermediat og dei synk jo ikkje så fort, som kan vera ein fordel men og ulempe. Fungerar dette snøret på 4-5 m?
  15. Hei, er det nokon som har erfaring med systematisk fiske med synkeline i fjellvatn og skogsvatn? Vurderar å ha ein spole med synkeline som kan brukast når det bles og regnar (det er ofte er vestpå) eller når fisken er fråverande i overflata (Skjer også ofte). Tanken er å hive på streamer + 1 eller 2 opphengerer og kome ned til fisken. Nokon som tipse om eit godt synkesnøre til lettare stangklasser (#4-5)?
  16. Ja, med mindre du fisker på plasser med uforholdsmessig stør aure så vil eg sei at #7 blir litt kraftig. Eg ville gått for #6 og heller kjøpt ulik snøreklasser, der du kan ha eit tyngre snøre til kasting i vind. Mykje brukt av god kvalitet på finn så det er ein god plass visst du vil ha rimelig men bra utstyr.
  17. Ja Bloke har ei på ebay, der det ligg ein test av stanga også. Ligg ei #2 på https://proofflyfishing.com/collections/fiberglass-blanks/products/olive-6-2-wt-fiberglass-blank. Har (desverre) ikkje prøvd nokon av dei men ser at dei fort kan vera underklasssifisert ut frå det som står på nett.
  18. Har no gjort ferdig stang nr 2. Dette er ei 3 delt, 6 fot # 3, etter cattanach-taper. Måtte (igjen) lage 3 tupper før det vart bra, men no er det ei kort og veldig fin stang som kastar mjukt og fint. Måtte ta av holker fordi dei var skeiv, mao alltid sjekk holkane før liming.
  19. jak

    Nisselue anyone..?

    Med fare for å gjennta andre innlegg. Mattilsynet vektlegg her at dersom det er eit nytteaspekt (les: matauk) så er ulempen knytt til dyreveldferd hos fisk til å leve med. Det vil sei at fiske som ein fornøyelse i seg sjølv ikkje er grunngjeving god nok for å påføre fisken lidelse. Då er det eit paradoks som andre har peika på at aure og laks kan setjast ut dersom bestandsituasjonen tilseier det. Men då burde mattilsynet sei at det ikkje bør fiskast på desse bestandane...... for dette er ein argumentasjon som ikkje er logisk ettersom premissa er forskjellig frå art til art. I tillegg må det seiast at ingen av oss fritidsfiskarar fiskar for matauk, vi fiskar kun fordi det er gøy. Det som er ein interessant diskusjon er i kor stor grad kan vi tolerera C&R. Er det forskjell på å slappe ut fisk på viddo som aldri har sett ein krok og på å fiske på ein fisk om har blitt tatt opp og sett ut 20 ganger siste 2 mnd? Personleg så synes eg å fiske på fisk som har blitt fiska på kvar dag heile sommaren og som har krokskader og øydelagt munn er utanfor det eg meiner er forsvarleg i høve til dyrevelferd, men eg synes det er greit å fiske på fisk på fjellet og setje den ut att. Kognitiv dissonans der altså.
  20. Hei, har opplevd det same med makrell som går i stim heilt i overflata, eg tipper dei jagar etter raudåte, som er ein liten hoppekreps på eit par mm som kan opptre i store mengder, skal dissektera neste gang eg opplever dette. Uansett så er sluk eller store fluer ikkje rett medisin er min erfaring her, små rekefluer som handtvister inn funker. Slit med å få makrell til å ta fluer med hale, dei trekk berre i snøre på ein måte. Har då klypt vekk halen slik at kroken er bakerst og då får eg meir fisk. Verkar som dei ikkje snur eller bit på flua men berre søm over den på ein måte.
  21. Hei, eg gjekk finare av gamal vane, fordi eg har jobba ein del med trevirke i ulike utformingar som td kniv og kopplaging og der vil 400 eller 600 vera for grovt til å få ei fin overflate. Her er det vanleg å bruke 1000 eller 1200 for å lukke dei finare porer og slikt på treet, i tillegg til at det er vanleg å pusse ned og så fukte treet og pusse ned ein gong til. På kork så er jo det håplaust siden veden er så porøs i utgangspunktet. Ser at i ei av dei mest brukte lærebøkene for laging av bambusstenger av Cattanach, så bruker han 600 til finpuss og går ikkje grovare, og han selger jo stenger kommersielt. Det vil nok sei at det er meir enn godt nok å bruke 400 eller 600 som grovaste. Neste gong skal eg gå for 400 til finpuss og sjå korleis det vert.
  22. Eg har kjøpt våtslipepapir på jula og f eks sløyd detaljer. MEN nokon typer legg igjen eit svart lag på korken så er nok lurt å ikkje bruke dette. Kan sei at eg bomma litt på dette og neste gong så går eg frå 400 til 1200 for finpussen, slik at eg unngår våtslipepapir. Har nokon ark med sandpapir 1200 som eg har etter ein del knivlaging. Tidlegare hadde hobbybutikker som f eks sløyd-detaljer fint sandpapir, men kan ikkje sjå at dei har sandpapir inne lenger, kun våtslipepapir.
  23. Har no dreia mitt fyrste korkhandtak ( og snellefeste). Det var overaskande enkelt, og heimelaga dreiebenk med drill fungerte utmerka. Limte korkringer på stag ogkjørte på med sandpapir i 80, 240 og 800.
  24. Takk for svar, tung som at den er for stiv for sjøaure som sjelden passerar 1 kg, egentlig. Lite vind inne fjordane her så treng ikkje noko kastemaskin men ei stang som er gøy å fiske med men som kan kaste streamer eit stykke ut.
  25. Hei, nokon som har desse stengene og kan sei noko om korleis dei er bruksmessig? Gode å kaste med, under eller overklassifisert? Vurderar ei stang ca #7 men usikker på om den blir for tung til lett sjøaurefiske i sjø og om eg må ned på 5 eller 6.
×
×
  • Opprett ny...