Gå til innhold

jak

Members
  • Innlegg

    147
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    5

Alt skrevet av jak

  1. Fortom på på to stanglengder: camo eller anna fortom?
  2. Auka tilrettelegging fører til fleire utdøvarar og meir aktivitet, om det gjeld fiske, fotball eller skuter. I dag er det sør for trondheim så godt som ingen tilrettelegging for skuter. Dei som eig skuterar i dag er eit fåtal hytteeigarar og ein del av dei fastbuande. Dersom det vert lagd mange nye skuterløyper vil dette føre til at det for svært mange vil vera attraktivt og morro med skuter. Forslag til ny forskrift opnar nemleg for at kommunane kan opne for så mange skuterløyper dei sjølv vil, einaste avgrensinga er at dei ikkje kan gå i verneområde. I oppland fylke er det i dag 48000 hytter. Det er særdeles sannsynleg at ein god del av desse vil gå til innkjøp av skuter, og at talet på skuter vil auke radikalt når det faktisk vert mulig å køyre med desse på fjellet. Eg er derfor heilt uenig i at talet på skuterar ikkje kjem til å gå opp, all erfaring viser at auka tilrettelegging aukar talet på brukarar.
  3. For å finne ut om det er gyting i bekkane så ta deg ein tur på våren. Dersom det masse års og 1års yngel så er det sannsynlegvis god produksjon her. Ettersom det er gjedde i vatnet så er denne ein så effektiv predator at den vil ta ut meri aure enn det som godt er, så eg trur ikkje du skal tenka på overbefolkning. Ein gytebekk må ha rett substrat, dvs substrat som varierar frå sand til grus. Har du ikkje dette vil auren preferera andre lokalitetar evt at rogna vil ha ein lav overleving. Har du silt og mudder så er dette ikkje veldig bra. Ein enkel måte sikre gode gyteplasser er å lage små høler og små stryk mellom, då vil du hindre sedimentering av finmateriale og sikre god gjennomstrømming. Kan vera greit å å rydde vekk grenier og rask som ligg og er vandringhinder. Det vil og vera slik at sjølv om fisken har tilgong til fleire bekkar så vil mesteparten av fisken samle seg i ein bekk, av grunnar eg ikkje har gode svar på. Er ein del gode tips til korleis ein god gytebekk skal sjå ut i denne rapporten: https://www.bergen.kommune.no/omkommunen/avdelinger/gronn-etat/9536/9602/article-98168
  4. Norges tre største næringar har alle tilknyting til sjø, dvs olje, oppdrett og fiskeri. Det er derfor av enormt stor samfunnsmessig betydning at det er motorisert fredsel på hav og fjord. Så godt som all ferdsel på sjø er tilknytt næringverksemd og har svært viktig både for busetnad, arbeidsplasser og verdiskaping. Den delen av fritidsbåtbruk i tillegg til dette er forsvinnande liten. Fjord og hav er derfor å renkna som ei samfedselsåre der det allereie eksisterar motorisert ferdsel, og fritidsbåtbruken vert eit tillegg til dette. Debatten om scooter dreier seg om ein skal opne for motorisert fredsel i ein arealkategorie der dette ikkje har vore tillatt. At argumentet med fritidsbåt blir trekt fram i scooterdebatten er heilt meiningslaust all den tid det ikkje er likhet mellom dei to problemstillingane. Kor store samfunnsmessige fordelar er det at nokon køyrer rundt på scooteren sin inne på vidda? Svaret er NADA, ingenting. Det einaste argumentet for å opne for scooterkøyring er at nokon som har scooter skal få køyre rundt med det, det finnes ingen samfunnsmessig overvekt av fordelar for at ein skal auke tilgong til motorisert ferdsel utanfor etablert infrastruktur.
  5. Hei, i utgangspunktet så bruker vulgata 2 år frå egg til vaksen så det er nok ikkje 2. Generasjon men berre nokon som klekker lit seint tipper eg, ein avvikar med andre ord.
  6. Seinsommer kan vera litt slapt, fisken ser ut til å verta meir kresen og vanskelig. Ut over august kjem imidlertid intense flygemaursverminger av eitermaur, i tillegg til seine augustkvelder med masse store vårfluer. I. Elvene trekk det opp ein god del fisk som gjer elve og bekkefiske svært underholdande. Så kjem det solfylte haustdagar med stillevatn og fisk som plukker fjærmygg på grunna til isen kjem. Forhåpentlegvis eit par månader att av sesongen.
  7. Eingangsgrill, 50 m sene, ølbokser mm høyre ikkje til langs elva, slike folk burde vore ganna herifrå til h......., har plukka opp for mykje søppel langs vatn og vassdrag, håper dei les dette og at dei, til tross for utilstrekkeleg mental kapasitet, tek litt lærdom av det
  8. Ein båt, uavhengig av str er mykje meir stabil enn ein sitontop. Når du padler så må du alltid vera forberedt på å velta. Veltar du i sjø og vind vil ein kajakk blåse ifrå deg raskare enn du svømmer sjølv i liten bris, då rekk du ikkje blåse opp vesten før båten er vekk, veltar du og får tak i båten har du ei pølse rundt halsen som hemmar bevegelsen. På meg verkar dette tungvint og lite funksjonelt. Ein viktig funksjon til vesten er at den skal funger som gripetak,standard padlevestar og forsåvidt flytevestar er laga slik at ein makkar lett kan ta tak i vesten og dra ein utmatta person oppi båten. Har padla kano og kajakk i mange år. Eg ser at det skjer alvorlege ulykker med personer som er erfarne og som har alt av redningsutstyr fordi dei små tinga som sjelden hender inntraff. Ved å ha godt utstyr så minimerar du konsekvensane. Ingen planlegg å velta eller forulykke. Eg må sei at eg aldri har svømt med oppblåsbar vest så dette er berre mange års paranoia som gjer at eg skeptisk. Anbefaler deg å prøve i stor sjø og vind under kontrolerte tilhøve for å sjå korleis det faktisk er, uansett viktig å veta kvar tippunktet på båten er :-)
  9. Hei, Bruken bestemmer valget. Kort sumert så er sitontop god primær stabilitet, romslige, flyter godt i grov sjø, gode å fiske i fra siden du sitter høgare enn i ein vanleg kajakk, du har større bevegelsesfrihet. Finnes eindel modeller med gode vanntette luker bak og gode festmuligheter. Minuset er at dei er trege å padle i fh til ein kajakk, godt vindfang siden du og båten ligg høgare enn ein vanleg kajakk, du pløyer bølger istadenfor å skjera gjennom dei, du er eksponert for ein del sjø og regn oppi båten. Vanleg kajakk er raskare å padle, betre i vind og bølger, du sit tørt under spruttrekket, mykje mindre bevegelsefrihet, sit lavare som gjer det meir utfordrande å kaste. Fordelar og ulemper med alt. Mange som fisker frå sitontop i grov sjø og vind fordi det er ein betre fiskefarkost enn kajakk (sjekk youtube, masse gode tips og skremmande stor fisk), dersom du imidlertid vil ha gode sjøegenskaper så kan du prøve kajakk. Begge farkostar er uansett geniale til bruk for fiske i sjø :-)
  10. Hei, finn ut kva du skal bruke den til. Skal du padle korte distanser og med lite vind og bølger er vel sit on topp eit alternativ (skjønt ein kort kano har mange fordelar). Skal du padle straumande vatn eller elv treng du ein kortare båt som er rundare i formen. prøv ein liten 10-13 fot skikkelig kajakk før du kjøper ein ny sitontop. Eg har ein riot 12.5 som eg bruker til fiske, jakt og helgeturer. Liten og lett men med plass til oppbevaring av ein god del ting ( http://www.riotkayaks.com/daytouring_listing.php ). I tillegg god og relativ rask å padle er den god i større sjø og vind. Prøv og finn ut kva du liker best! PS: ikkje bruk oppblåsbar vest i kano el kajakk
  11. Super tråd! Etterkvart som eg lagar meir og meir mat sjøl så finner eg ut at du verden så dårleg halvfabrikata frå butikk faktisk er. Ingenting slår heimelaga rugbrød med heimelaga leverpostei og majones + ein heimelaga pale ale i glaset til kveldsmat:-) Brødbaking er som fluebinding, du må praktisera ein del før resultatet blir bra.
  12. Det interessante spørsmålet er om C&R på stor fisk har noko innverknad på om bestandsstrukturen ut over det at det er ein meir/mindre kilosfisk i vassdraget. Det er fasinerande å gå langs ei elv på NZ og kun sjå eit fåtal store fisk, og nesten ingen småfisk. Gå langs ei elv av tilsvarande str i Noreg og heile elvebotn lever av småfisk, og kilosfisk er ikkje eksisterande? Er dette berre fordi det på NZ er streng C&R? Kvifor vert ikkje elvane her fylt opp med småfisk etter kvar gyting?
  13. Godt spørsmål, kva er balanse? Eit vatn eller elv som har tett bestand med fisk på snittvekt på 1 hg kan vera i balanse (eller likevekt), like mykje som eit fiskevatn med snittstr på 1 kg. Ut frå vårt synspunkt er imidlertid det ikkje balanse slik vi vil ha det.
  14. Først så bør vi kanskje erstatte begrepet overbefolka populasjoner med bestandsstruktur. Og ja, større elver har anna bestandsstuktur enn mindre elver fordi det er ein samanheng mellom at større elver kan støtte opp om større fisk, fordi det er fleire mulige byttedyr (el trofiske nivå) og ein del andre variabler (gode overvintringsområde, meir stabile miljøforhold, mulighetar for sesongsforflytning m.m.), td gudbrandsdalslågen. Men dette vil variera svært mykje frå elv til elv, og det er ikkje mogleg å generalisera ut frå elvestørrelse. Imøteser ein artikkel frå Kraabøl om emnet :-)
  15. Det egentlige spørsmålet her er kva er det som regulerar ein populasjon av fisk. Det gjer egentlig ikkje noko meining å snakke om overbefolka populasjoner slik sportsfiskarar gjer. Ein aurepopulasjon som består av fisk med lav snittvekt og lav kondisjon er regulert av næringstilgong, populasjonen lev på tålegrensa av kva som er mogleg. Andre fakttorar som regulerar kan vera gytetilhøve, klimatiske tilhøve, vasstemp som styrer tidspunkt for gytemodning. At eit vatn er overbefolka er meir vår sportsfiskevurdering der vi egentlig vil ha færre fisk og dermed større snittvekt. At det er mykje små fisk i mindre bekkar og elver kan vera fordi det her er nok mat og mindre preadsjon frå større fisk. Stor fisk treng meir mat og stiller større krav til skjul, og det finn dei i vatn og større hølar. I elv så kan ein stor fisk ha eit stort territorie, dvs den fortrenger andre fisk. Dette gjer at dei gode plassane som har næring og skjul vert dominert av nokre få store fisk og dei dårlege plassane, dvs mindre skjul og næring, vert forbehold småfisken. Dette er ein bestandsregulerande effekt av C&R. Ta opp den store fisken og plassen til denne vert teken av andre (og mindre) fisk. Dette vil ligjen sei at det kan stå meir fisk pr arealeining i ei elv der det er mange små og ikkej få store.
  16. Overbefolka populasjoner er heilt naturleg både i små og store elver og små og store vatn! Det er ikkje vassdragstypen som regulerar bestandstørrelse eller gjennomsnittsstr på fisken.
  17. Kroatia er eit kjempeflott ferieland, nydelege strender og billeg og god mat. Anbefalar å reise tidleg i juli eller helst i juni, før resten av europa har ferie og temp her er til å leva med. Har kjørt langs og over mange fantastiske elver i nordre del av kroatia med store døgnfluer og noko harrliknande fisk. Det må vera mogleg å ha bra fiske i desse fantastiske kildeelvane. Men har aldri fiska her fordi eg ikkje klarar å kombinera fiskeferie og sambuarferie, må vera heilt avholden ellers så er eg på kjøret. Gje ei tilbakemelding dersom du finn noko bra her nede.
  18. Nydeleg, enkel og solid, kan ein be om meir?
  19. Sender deg ein PM, sjølv om det kanskje er unødvendig dersom du heng litt med NZveteranar. Utstyr, masse små nymfer i str 14-18, generelle tørrfluger td adams, humpy, etc i same str. Legg igjen myggmiddel i norge og kjøp deg noko sterk faenskap i nz (f eks bushman). Myggnett til hovud og tynne svarte/grå tøyhansker (mot sandfluer). Elles er dei veldig gode på turustyr til ein billeg penge men vedlig dårleg på god kokekaffe her nede. Svarte. såg no at eg er litt seint ute...
  20. Hei, bra initiativ, stå på! 19,5 mm er ok. Ta ut ein del fisk og vei alle samla og del på tal fisk. Då veit du snitt vekt på ein del. Neste år gjer du det same på same maskevidde, då kan du sjå vektauke og kor mykje. Ang fiskeslo i ferskvatn, og då spesielt fjellvatn med lav temp. IKKJE hiv ut i vatnet, det tek svært lang tid før dette blir brutt ved lav temp og i tillegg får du muligheten for at neste gong du drikk av vatnet i nærleiken får du med litt ecoli på kjøpet. Hiv det heller under ei tue på land, næringsstoff vert då teken opp av planter og tilslutt indirekte vaska ut i vatnet. Evt hiv fiskeslo langt ut og på djupet.
  21. jak

    Høstfiske!

    Nettopp, når tempen kjem ned mot 10 grader og ein tenkjer at søren der var den sommaren så kjem dei fyrste hauststormane frå gulfen, elvane fyllast med vatn og all den store fiske som har vore pokker så sær siste to månadane synes nymfer er ein god ting. At fjellelvane fylles med tidleg gytefisk i str XL gjer at hausten er ei fantastisk tid. September er ei fantastisk tid.
  22. Det hjelper ikkje å sperre gytebekken dersom det allereie er eit overbefolka vatn, då må talet fisk i vatnet ned! I tillegg er det, som andre har vore innom, nesten umulig å sperre for alle gytemuligheter. For det fyrste må ein lokalisera alle gytebekker og klare å stenge desse på ein god måte. Hugs at hausten er gytetid og flaumtid. Masse lauv og kvist tetter nøter og rister og gjer at fisken vandrar opp på siden av hinder, her snakkar eg av erfaring. Fisken er ein jævel til å kome seg opp når det er snakk om å få seg noko. Dersom de har ein del ressursar så er det ein del effektive sperrer som er utvikla, td betongtrapp med gitter, men desse må rensast i haustsesongen og ulike alurøyrkonstruskjoner. Det er effektivt å få ned størrelsen på gyteområde, så det er sagt. Eit anna alternativ som er nytta i utfisking er å gå ein runde på midtsommer med lite vatn i bekken/elva med elfiskeapparat og ta ut småfisken (NB må søkast til fylkesmannen). Og som eg har sagt før, garnfiske på små str klasser er det enklaste og mest effektive for å kultivera eit aurevatn.
  23. Hei, Det enklaste og mest effektive form for kultivering i eit vatn der det berre er aure er å fiske med finmaska garn! IKKJE bruk tid på å supplere næeringsemner og kalking, dette er enormt ressurskrevjande og kan vera vanskeleg å berekna, og svært vanskeleg å måle suksessen av. Er det fisk i vatnet i dag og den har suksessfull gyting så er sannsynlegvis pH meir enn god nok til å kultivera fram eit godt fiskevatn. Mitt råd er altså kort og godt å fiske knallhard med garn med maskevidde 19 - 22 mm. Ta ut ca 3-5 kg pr haa. Sjekk gytebekken på hausten og sjå kva storfisk som faktisk er i vatnet, er alltid nokre store. Neste år bør du fiske med garn med ulik maskevidde, slik at du veit kva ulike str klasser som er her og kan kvantifisera i seinare år om det vert meir storfisk eller ei.
  24. Her er det bare å begynne å lesa: http://www.fluefiskesiden.no/forum/index.php?topic=13982.0
  25. jak

    Tips?

    March brown og coachman, funker kjempebra uansett forhold :-)
×
×
  • Opprett ny...