Gå til innhold

jak

Members
  • Innlegg

    147
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    5

Alt skrevet av jak

  1. Tinnhølen har fin fisk men like mange fiskarar. Stikk innom ditt lokale bibliotek og lån boka til Quenild om Hardangervidda, der bør du kunne finne nokre interessante områder. Fly til alta, går vel rutebusser både sør og nord og vest frå alta, her er det berre planlegge...
  2. http://www.bt.no/nyheter/okonomi/Oppdrettsrefs-fra-Riksrevisjonen-2666124.html Ein rapport frå riksrevisjonen har veldig stor tyngde, det blir spennande å sjå om dette resulterar i noko.
  3. Oi, det var rimeleg i forhold til ein NZ-tur, og litt enklare for småbarnsfedre å få til.
  4. Flotte bilete! Kor mykje betalte dere for guide og overnatting pr døgn? Var i Kroatia i mai, og dette området av europa var veldig flott, nydelege elver.
  5. Grunnen til at nordmenn legg lite pengar igjen på ferie er at det er lite å legga pengar igjen på i noreg, som har ein viss kvalitet. Enten er det veldig dyrt (altså veldig dyrt) eller så er det billeg og kvaliteten dårleg.Etter å ha vore på kjøre og padletur i mange veker denne sommaren så kan eg sei at eg gjedna legg igjen pengar på ting som er verdt å betale for, spesielt då mat og oppleving. Eg trur og at mentaliteten i noreg endrar seg, og at vi og vil ha meir komfort og er ynskjer å betale meir for det. Men spørsmålet er om du satsar på ein campingplass eller om du vil satse på å utvikle fiskemulighetane og? Med det meiner eg har du fiskerett i eit vatn som du kan kultivera opp slik at det vert stor fisk her? Eg trur at det kan vera mogleg å leva av noko slikt men det kan nok vera lurt å begynne i det små. SOm det er sagt over så vil eg og gjedna ha enkle campinghytter, reine sanitæranlegg og med ein liten pub som serverar lokalt øl (ikkje ringnestulleøl) så ville eg tatt inn på noko slikt. Eit nøkkelord er vel reklame... Skal vera mogleg å få tak i ein del peng til oppstart av inovasjon norge/kommune/fylkeskommune, leit litt rundt, er egne næringsrådgjevarar i kommunen som skal kunne hjelpa deg med dette.
  6. jak

    Gytebekk

    hei, er det sjøaure her eller vanleg aure? Ein svært enkel måte å finne ut om det er liv i bekken er å gå ein tur oppover langs bekken og "skremme" fram noko liv. Dersom vasstemp på vinterstid er låg vil nok fisken enten ligg i skjul eller vandre ut i vatnet der det er varmare. Dersom det er gytebekk bør det vera mogleg å finne gytegroper, desse er typisk av middagstalerken str og ligg i område med grus og sand, kan gjenkjennast ved at dei er lysare og "opprota". Du kan imidlertid snu på litt steinar oppover bekken for å sjå om det er noko insektliv. Dersom du finn døgnflåge eller steinflågenymfer så er dette eit sikkert teikn på at vasskvaliteten er bra, ettersom desse artane er lite tolerante ovanfor forureining. Evt så tek du ein liten håv og rotar litt med støvlar oppstraums for håven, effektiv måte å finne ut kva insekt som lev her. For ein forvaltningsplan så kan du ta kontakt med fylkesmannen eller du tek kontakt med den lokale jeger og fisk, evt så lagar du ein eigen forening. Å tilrettelegge ein gytebekk er ikkje hokuspokus men det er greit å ha god kontakt med noko fagmiljø. Eg har hatt god dialog med fylkesmannen sin miljøvernavd. der dei er like interessert i å ordne gytebekker som eg.
  7. I kina pøser dei ut stenger og sneller til ein billeg penge (eks http://leichichina.en.made-in-china.com/product-group/gbMmxkLCJQpK/fishing-rod-catalog-1.html ), og med tanke på at alle dei andre stengene mine er produsert i asia er vel desse heilt kurrante.
  8. I friluftslova heiter det at du kan ferdast så lenge du er i utmark og ikkje er "til utilbørlig fortrengsel for eigar". Er ein del høgsterettsdommer på dette og her er det vist til at det skal vera heilt konkrete og utvetydige eigarinteresser som vert fortrengt for dette slår inn. Strandområders særlige betydning for rekreasjon og friluftsliv gjer at grunneiere som bygger i strandsonen, må akseptera at terskelen for "utilbørlig fortrengsel" er høgare. Ut frå flytfoto er det litt vanskeleg å sei men ut frå beskrivelsen så kan eg vanskeleg tenka meg at den stien ikkje er opne for ferdsel, uavhengig om det heng 40 privat skilt her. Viktig å vera klar over at brygger, slipp naust, badehus etc etc ikkje gjer strandområdet til innmark heller, så lysthuset kan for så vidt berre stå, men vil jo verka privatiserande.
  9. Hei, eg har vore borti ein del liknande saker og det har som regel ført til fjerning av stengsel, så stå på . Det er imidlertid ein lang prosess når det gjeld denne typen saker, fordi hissgproppen som satte opp gjerdet kan anke kommunen sitt vedtak, og dette tek tid. Med dei strenge føringane som gjeld i Oslofjorden så bør dette vera greit å fjerna. Men gjerde eller ei, trør du i hagen til eigar visst du går inn her eller er det utmark? I så fal gjeld friluftsloven om fri ferdsel.
  10. Bra talt, stiller meg heilt bak dette!
  11. Gytemodning av ørret styres av fleire ting som du er inne på. Vasstemp, vekstsesong og næringstilgang er svært viktig. Låg vasstemp med kort vekstsesong gjer at auren blir seint gytemoden. Når fisken når kjønnsmoden alder så stagnerar veksten, avhengig av næringstilgong. I næringsfattige vatn vil veksten stagnera heilt og fisk på 10-15 cm kan vera 15 år gammal. I Bjornesfjorden på Hardangervidda blir ikkje fisken kjønnsmoden før den er over 4-5 hg og antatt snitt alder på 5 år. Dette er antatt pga kort vekstsesong og låg vasstemp. Normalt god vekst for aure er ca 5 cm fram til kjønnsmodning. Det er i tillegg kjønnsforskjell. Hanfisk blit tidlegare kjønnsmoden enn hofisk, og ved god næringstilgang kjønnsmodnast hofisken enda seinare. I tette bestander vil den største fisken vera nesten utelukkande hofisk. Eg trur ikkje at overføring til miljø utan gytemuligheter vil endre gytemodning, siden dette er styrt av hormon som igjen er styrt av gen, lys og temp. Min fangst erfaring tilseier og at fisk i denne typen vatn/tjødn vil vera gytemoden om hausten.
  12. Hei, Fisken utviklar rogn og mjelke uavhengig om det er er gytebekker eller ei. Dette er styrt av lys og temp. Aure i vatn utan inn eller utløp (prefererte gyteområder) kan gyte i strandsonen på grusstrender. Imidlertid er gytesuksessen på denne typen stillevannsgyting svært lav i forhold til rennande vatn. Det er stor fare for nedising på vinter i tillegg til at det er mindre sirkulasjon og dermed mindre oksygen. I små vatn med lite straum og bølger og med mykje is vinterstid er gytesuksessen lik null. Denne typen gyting er og registrert i vatn med gode gytebekker, bla i Jølstravatnet er det registrert, gudane veit kvifor. Kan og legga til at det er svært vanskeleg å sei ut frå prikkmønsteret på fisken kvar denne kjem frå. Prikkmønsteret er basert på ulike fenotyper og kan best samanliknast med augefarge hos folk, dvs at all fisk i ein populasjon vil ha ein viss variasjon og at det alltid vil finnast fisk som avviker frå gjeldande regel. Stor størrelsesforskjell tyder kanskje på at det er to ulike utsettinger, forutsatt at fisken som var sett ut var omtrent same str.
  13. Godt spørsmål. På tide å avlive nokre myter. I fiskermiljø er det ein utbredt oppfatning at ein aure på 1 eller 2 kg har så gode gener som klarar å oppnå denne vekta, medan ein aure på 3 hg har "dårlege" gener mtp vekst. Om auren vert 1 hg eller 1 kg er heilt avhengig av mattilgong og ikkje gener. Ein aure på 2 kg kan få avkom som alle kan verta 2 kg eller berre 1 hg, avhengig av kva tilgongen på føde er, genetikken her spelar ei svært liten rolle. Ein anna ting som vert trekt fram er at ein aure på 1 -2 - 3 kg er forvaltningsmessig viktig fordi den held bestanden nede som følge av kannibalisme. Auren er heilt avhengig av ein stor tetthet av byttefisk. Dvs at dersom auren er effektiv predator og beiter ned talet byttefisk vil det verta færre kannibalfisk. Dvs at snittstr på fisk i eit vatn er avhengig av gytemuligheter (og mattilgong). Dersom gytemulighetane er gode vil aldri ein aure kunne regulera fisketettheten (og generelt vil aldri ein predator kunne regulera ein byttedyrbestand som einaste faktor) fordi når den har ein regulerande effekt vil den og regulera talet på stor kannibalfisk!
  14. jak

    Sesongstarten 2011

    Sjå på menyen over kartbladet "Tegnforklaring". Trykk på denne og deretter trykk i kartet, forklaringen dukkar opp. NB fokuser inn på det detaljområdet før du klikker open teiknforklaringa, fordi kvart kartblad har si teiknforklaring og sine fargar, alt etter når det vart kartlagd. Dvs at stort sett vil kalk/marmor o.l. ha ein blåaktik farge men ikkej på alle. I tillegg er jo desse kalkholdige skifrige bergartane gunstig og dei varierar mellom grøne og brune fargar elt etter som karttypen.
  15. Som det er sagt, gå fram til vatnet og sett deg ned og vent, ta ien kopp kaffi og sjå litt kvar fisken er. Er det blikk stille vatn så kan det vera ein strategi å legga ut tørrflåga og venta, venta , venta. Eg har ofte same problemet på blikkstille vatn, det kan vera utfordrande. Prøv evt å utnytt bevegelse i vatnet så som område med litt vind eller straum, dette maskerar utlegget ditt litt.
  16. jak

    Terapi

    - Kva har du lyst til å gjera i kveld? - ehh....fiska - Kva har du lyst til å gjera i helga? - Eh....fiska - Kva har du lyst til å gjera i ferien? - Eh....fiska..?!?! Balanse er viktig, men kan vera faen så vanskeleg av og til...
  17. Tips til dei fleste ulike bladbillene, flue bundet som palmer mygg med påfuglherl som kropp og hackel i palmerstil, krok str 16, bind kroppen litt tjukt for å få inn fasongen, klipp hackelet ganske mykje under slik at fluga vert liggande djupt. Denne funker for meg i øygarden kvart år!
  18. Sant nok, eg har kikka litt på dette før men min oppfatning av BS er desverre at det er ein interesseorganisasjon for dei som er opptatt å reisa til Sogn og trøndelag for å fiska laks. Skal senda ein epost til Ulrich og høyra kva eg kan bidra med.
  19. I BS er det ein som heiter Ulrich som er mentoren for kultivering av aurebekkane rundt Nordåsvatnet, og han er og forfattaren for rapporten som det her er vist til. BS har eit veldig bra kultiveringsutval mht desse aurebekkane, slik eg oppfattar det (er ikkje medlem, vurderar å melda meg inn no og ta eit tak). Ta kontakt med han. Evt så startar du eit lite foretak "Sjøaurebekkens venner", og drar i gang på eigen basis, då er det å ta kontakt med kommunen for å høyra korleis du skal gå fram. Men det er vel enklast å samkjøra det med eksisterande organisasjonar.
  20. Er laga ein rapport om tilstand og trong for tiltak for å redda alle dei små sjøaurevassdraga i Bergen, Askøy, Fjell m.m. Super sengelektyre :-) http://www.fylkesmannen.no/hoved.aspx?m=1166&amid=3497279 Håpar at auka fokus resulterar i gode tiltak!
  21. jak

    Kutiveringstråd

    Som det er sagt så er njff ein god infobase. Start opp eit eige lokallag og hent ut info sentralt, ikkje la deg verta lokka inn i lakseapatien. Kultivering av reine aurevatn er enkelt (stort sett), kultivering av fiskevatn med fleire artar er litt meir komplisert og ressurskrevande. På vestlandet er kultivering egentlig tynningsfiske. Det gjeld å ta opp like mykje fisk som det vert produsert. Boka "Praktisk fiskestell" av Bjørn Wegge , Landbruksforlaget er veldig god. Eg har drive med tynningsfiske i det små rundt bergen. Det krev i utgangspunktet ikkej så veldig mykje ressursar å kultivera små fiskevatn. Eg har gått fram slik; finn små vatn dvs opp til 2 ha. Desse bør ligge litt utenfor sti og veg, men ikkje for langt vekke. Generelt produserast det ca 3-5 kg fisk pr ha, eg har funne at eg får resultat når uttaket passerar ca 3 kg pr ha. Dersom du då har eit vatn på ca 1 ha, og snittvekta ligg rundt 1 hg på fisken og eg må fiska ut ca 30 fisk i året, ingen stor utfordring. Kan og berre fiske ut meir til å begynne med. Slik kan ein fiske ut små vatn utan å bruke jekla mykje tid og utan å byrje med garn. I tillegg kan ein lage vandringshinder i gytebekken, feks rist eller terskel slik at fisken får redusert vandringhinder, er i utgangspunktet søknadspliktig... Ei natt med 2-3 garn ute gjer og underverker. Må då spørje grunneigar men i overbefolkavatn synes dei stort sett det er greit. Minuset er då at nokon veit du driv kultivering her. Må innrømma at eg har sett garn over ei natt slik utan løyve (men med fiskekort). Etter 1 år så aukar snittvekta på fisken opp til 3-4 hg, neste år er det enkelte fisk over 5 hg. Slik har eg enkelte småvatn som få fiskar i som er flotte å fiske i og der eg faktisk kan ta ut fin matfisk.
  22. Det er ikkje satt på spissen, det er kjernen!
  23. Ja, utvilsomt! I ei fiskeguidebok for Nordhordaland som nyleg er komen så står det om fiskemetoder "Fluefiske er vanskelig og utstyret er dyrt", og det vert anbefalt å fiske med sluk og mark for hobbyfiskarar. Slike haldningar er det viktig å jage opp på mørkeloftet. Fluefiske er enkelt og utstyret er ikkje spesielt kostbart, ein treng stort sett berre ei stang og nokre floger + eit snøre. Fisken er tross alt nesten aldri selektiv.
  24. Ja, dersom det var røye i vatnet så ville jo ein eller to av eit par tusen garnfanga fisk vore røyer.
×
×
  • Opprett ny...