Gå til innhold

jak

Members
  • Innlegg

    147
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    5

Alt skrevet av jak

  1. Hei, såg på filmen din og tenkte at dette var vedig lik smårøye som går i stim og vakar. HAr egentlig aldri sett stimar med småaure som vakar på denne måten, skjønt eg har no ikkje sett alt. Gjorde difor eit søk på vatnet og fann dette: http://www.miljolare.no/data/ut/aktivitet/?a_id=631686 Spørsmålet er om dette er ståa, kvifor det ikkje har blitt fanga røye på garna dykkar.
  2. jak

    Kortlinenymfer

    Og ein variant av red tag!
  3. jak

    Kortlinenymfer

    Veldig enkel og veldig effektiv, kan og bindast med mørk tungstenhode.
  4. Vatnet ligg så lågt at det heilt sikker er stingsild her, håper at det er det dere har sett :-)
  5. Dersom det er ørekyt i vatnet så vil det vera regelrett stimer med fisk på grunnene, a la brisling, og fisken er inntil 10 cm lang. Evt prøv med litt knøtisfluer str 16-18...? Kasein, ring Tine vest i bergen og spør.
  6. Tørrflue er egentlig ikkje spesielt effektivt, det er mykje meir effektivt å fiske under vatn, stort sett heile tida. I ditt tilfelle hadde eg enten stripa ein stor vårfluge imitasjon (streaking caddis) i vindige parti eller ein standard streamer i str 6-10 langs marabakken i kveldinga. Flytesnøre funker supert kveldstid, eg ville vurdert synkesnøre dagtid. Eg vil sei at det er same kva streamer du brukar men at det er viktigare korleis du fiskar den, ser det er nemnd fleire gode streamere over. Lukke til, hugs å gje ei tilbakemelding på forumet korleis det går :-)
  7. Korleis er tilhøva for nymfefiske der i slutten av mai-byrjinga av juni? er det noko vits å gå i dei omåda med stryk i øver del med nymfe, eller står all fisk nede i dei stilleflytande partia?
  8. http://lovdata.no/for/sf/md/xd-19931111-1020.html Dersom utsetting av fisk har vore før forskriften kom, vil eg tru at dei no fangar og stryk fisk i frå same vassdraget eller at dei har stamfisk i kar..? Spørsmålet er vel og om predator fisk har noko regulerande effekt på bestanden i det heile, eller om mengden predatorfisk i reine aurevatn er styrt av mattilgong dvs mengde småfisk.
  9. Det har meg bekjent aldri vore undersøkt kva effekt ål har på bestandssituasjonen, men eg kan ikkje tenka meg at denne er noko konkurent til auren i matvegen. I tillegg er ål på raudelista over utrydningstruga artar og er rekna som svært kritisk truga, så slepp uti all ål igjen er mi oppfordring.
  10. Oppdrettsanlegg kjem aldri på land, dei er rett og slett altfor store. Det er heller ikkje noko diskusjon i oppdrettsmiljøet om landbaserte anlegg, derimot så går trenden mot lukka sjøanlegg, der mærane består av semipermeable membraner der ingenting anna enn vatn kjem ut, og alt for og fisk vert samla i botn og sugd opp. Dette er litt på utprøvingsstadiet men håpar at politikarane tørr setja hard press for å gjera næringa bærekraftig. Forslag: oppdrettsnæringa kunne henta forfisken sin frå overbefolka aure og røyevatn rundt om i landet, dermed hadde dei bidratt til både kultivering og mindre beskatning på sjøfisk :-)
  11. jak

    Nyflutted til Norge

    Hei, trur at det i Algard ormåde skal vera vanskelg å toppe dei røyene du har i profilbilete ditt. Figgjo er lakse/sjøaureførande opp til demningen, litt uklart om du treng kort over algard sentrum. Det er masse vatn med liten fisk i området. Dersom du trekk litt lenger innover så finn du ein del vatn med fin bekkerøye. Store delar av aurebestanden vart utrydda i fjellområda her grunna sur nedbør. Har betra seg siste 10 åra men det er mange fisketomme vatn. Gravatn og valevatn i Hunnedalen (inn mot Sirdal) kan gje fin røye, i Hunnevatn som ligg attmed vegen er det alltid fisk å få men ein del mindre fisk. Sjekk òg : http://www.504fiskje.no/
  12. Veldig bra at kortpengane går til foreninga, mykje meir motiverande å betale kortpengar når dei går rett i kultivering. Det har visstnoko blitt brukt 2 storruser i Myrdalsvatnet innenfor Rosendal, leiaren i grunneigarlaget veit sikkert meir. Vanleg torskeruse fungerar inn mot bekkeos/elveos, der det er grunt. Kan vera verdt å prøve på hausten.
  13. jak

    Flue type?

    Gjer ting enkelt! fluer til innlandsørret i norge er i str 10-16. Dersom du vil fiske tørt så finnes det gode allroundfluer som vil funke hele sesongen gjennom (adams, streaking caddis, black gnat) Har du desse i ulike str så kjem du langt. Dersom du vil bli meir avansert så kan du sjekka fluebinding sida her, masse flotte imitasjoner av alle slag men det er ikkje sikkert du får meir fisk :-) Ellers er det veldig effektivt med gråbrune eller svarte våtfluer og nymfer i str 12-14. Spørsmålet er kor mykje peng du vil bruke og kor stor flueboks du har :-)
  14. Ja det er her ja. Ser bra ut, relativt grunt, masse kalkholdig fyllitt som bergart rundt vatnet, masse folk som bur rundt her som kan bruka vatnet som fiskeplass. Håper dere får det til, det ligger jo til rette for eit supert tidlig-vatn dette. Dersom vatnet er 230 ha så vil det sei at dere har ligget på ca 1 kg/ha til no, så dersom dere dobler uttaket burde det (forhåpentligvis) gi resultatet. I tillegg så får en unne oterfiskerne all fisken de kan få :-) Og dersom dere har ein god dialog med grunneigarane så kan ein jo opne for at det er fritt fiske i 2 år, såfremt at pengane ikkje går til kultivering hos foreningen.
  15. Eg er heilt enig med bjørnen i at etter 8 år utan at det her er ein markert auke i fiskestr så er det på tide å endra taktikken. Er ikkje proff men er rimeleg sikker på kvifor fisken er liten, basert på praksis og interesse. Snakka med nokre nekjente av meg og dei er enige om at det høyres ut som om det er tatt ut for lite fisk i vatnet. Problemet her er vel som i så mange andre vestlandsvatn, nemleg at det er for lite næring eller for mykje fisk, to sider av same sak. Eg trur heller ikkje at det er eit næringstoff som manglar. Eg kan ikkje huska å ha høyrd om at det er næringstoff som gjer at fisken ikkje kan bli større, anna enn at det er lite næringstoff generelt som gjer liten produksjon av mat. Ettersom vatnet ligg +10 m så tipper eg og at dette var sjø for mellom 5-10000 år siden. Dette gjer at ein i lausmassane rundt kan ha ein del kalk i form av skjell og kalk/salt avleiringar. Er det jordbruksareal rundt vatnet, der avrenning gjødslar vatnet?? Dette er i allefall positivt i eit næringsfattig vatn. Høyres ut som eit spennande vatn iallefall, ut frå beskrivelse av biotopane. Som henning skriv så trur eg at uttaket er for lite og at stort uttak er vegen å gå. Kanskje grunneigarane vil hive ut eit par småmaska garn i tillegg til dei stormaska... Er det fiskekort i vatnet i dag?
  16. Hei, årleg produksjon på 3-5 kg/ha er ein tommelfingerregel, men baserar seg på resultata frå mange utfiskingsprosjekt og kva som gav resultat. For altevatn i troms så la ein seg på 1-3 kg/ha, sjølv om dette er eit aure/røyevatn og normalt ville ha 2-3 dobbelt av eit reint aurevatn, og det fungerte. Det eg er rimeleg sikker på er at uttak på rundt 200 kg/ha er for lite, basert på at snitt str på fisken ikkje har auka. Dersom dette skulle vore nok ville str på fisken 2 og 3 dobla seg i løpet av få år. Kanskje burde det fiskast ut ca 400 kg/ha i 2-3 år og sjå om dette ville gjeve resultat? At snittvekta av fisken stagnerar kan vera fordi det vert fiska kun med ei maskestr, som fangar selektivt fisk i eit intervall. Det kan og forklara kvifor det er mindre fisk i denne str som går i garna, fordi denne størrelsesgruppa no har blitt beskatta over fleire år. Ved å nytte garn med mindre og større maskestr enn det som dere bruker no så ville nok snittvekta endra seg, og ein hadde funne ut om det er ein del fisk som no er for stor til å gå i garna evt om det er fryktelig mykje småfisk. Vert det tatt noko stor fisk på stang i dette vatnet? Er dete eit vatn som det vert fiska mykje i av andre, både sporsfiske eller med garn av grunneigarar. Eg meiner jo at i slike vatn burde det vera fritt farm for garnfiska for alle som har lyst så lenge dei ikkje brukar for stor maskestr. Men dette sit langt inne hos enkelte grunneigarar veit eg, desverre. Det ligg jo ein del pengar i eit godt kultivert fiskevatn, sjå på Ekso som solgte for 50.000,- i kort i 2010, du får korrigera meg rodswinger dersom eg ikkje er heilt rett. Storruser har jo den fordelen at dei kan stå ute heile sesongen og krev kun tilsyn 1-3 gonger i veka. Har ingen erfaring med slike men veit dei er brukt i ein delk utfiskingsprosjekt.
  17. Hei, dersom dere har fisket i 8 år uten at fisken øket snittstr betraktelig så er det svært sannsynleg at uttaket er for lite. Effekten av utfisking bør vises tydeleg etter 3-5 år. For vatn med berre aure reknar ein med ein årleg produksjon på 3-5 kg pr ha. Ettersom dette er ein vestlandssjø er nok kanskje 3 kg/ha relativt rett. Uttaket av fisk bør vera opp mot dette. Kva er snittvekt på fisken? Det er jo to måter å gjera dette på, den enkle som er å fiska masse med garn/ruser og håpe at uttaket er stort nok, og den litt meir avanserte som er å utarbeida ein forvaltningsplan for vassdraget. I utgangspunktet er det ikkje noko hokuspokus å tynne i eit aurevatn, men det kan vera greit å veta om det ein gjer er i nærleiken av det som kreves. Kva strategi har dåke valgt no, småmaska garn, garn av ulik maskestr, elfiske i gyteelv/bekk? Har dere vært i kontakt med kommunen sin miljø/naturforvalter, fylkesmannen sin fiskeforvalter eller norges jeger og fisk. Her kan det være kunnskap å hente og hjelp å få. I tillegg ligg det kanskje ein del mulighetar til å søka pengar til tiltak og utstyr. Håper dere får det til, heier på alle som tar tak og prøver å kultivera nokon av dei tallrike småfiskvatna som er på vestlandet. Dette burde det vera mykje meir av! Gje oss oppdateringar undervegs! mvh Hobbykultivør :-)
  18. jak

    Kortlinenymfer

    Hei, prøver å legga ut eit bilete av dei to nymfene som eg brukar 95% av tida. Fiskar stort sett i klare og relativt raske elver, og då er ein tung kopparjon og eit blynymfe a la vårflugenymfe tingen. Desse er veldig effektive, og kjem raskt ned til den store fisken som står 2 m nedi bakevjene. Og så må eg legga til at det er når ein forstørrar opp nymfene sine ein ser kor mange feil og skjeive surringar etc etc ein har. Er djupt imponert no over dei utruleg prikkfrien nymfene som forumet sine medlemmar surra i hop! mvh J
  19. Hei og takk for ein god og informativ tråd! I Hordaland er det MANGE smålaks og sjøaure elver som består av stryk og små høler som ikkje er egna til vanleg nedstraums fluefiske, og som markfiskere har fått ha for seg sjølv. Har lenge gått svanger med ein tanke om å prøve meg i desse med tjekkisk/kortlineteknikk. Det vil kunne utvide fiskemulighetane betydeleg. Er det nokon som har prøvd seg på dette og har nokre tilbakemeldingar å gje? mvh J
  20. jak

    Ørret i elv/sjø.

    Hei, når auren vandrar ut er avhengig av vasstemp i elva. Den kan vandra ut alt frå 3-5 år gamal og er då normalt 1-2 hg, men dette varierar. I tillegg kan auren stå i elva og gyte ein gong og så vandre ut som smolt etter 1. gyting, og omvendt. Usikker på kor stor elva er som du snakkar om men dersom denne er lita vil fisken gyte og sleppa seg ut att i løpet av kort tid om hausten/tidleg vinter. Dersom det er sjøaure her vil det også vera stasjonær brunaure i elva. Dersom du ser fisk i elva, og det ikkje er noko vandringshinder så kan du nok rekna med at det går sjøaure der. mvh J
×
×
  • Opprett ny...