Gå til innhold

varenatur

Members
  • Innlegg

    6
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av varenatur

  1. Godt å høyre! Eg trivst slett ikkje like godt inne i sumpane som ut mot det friske, salte havet. Og yttersida av Hvaler har verkeleg flotte landskap som ein bonus.
  2. Takk for svar. Eg tenkte nok ikkje mest på kastinga, men på korleis frålandsvinden frå nordaust slår ut for fisket. Eg lurer òg på om det byrjar å bli litt seint på året for å fiske på utsida av Asmaløy - eg har hatt eit par dårlege novembererfaringar der ute før om åra. Men i år er nok sjøen mykje varmare for årstida enn normalt, så eg går ut frå at fisken drøyer med å oppsøkje brakkvatnet.
  3. Eit spørsmål til dei lommekjente på Hvaler: Eg tenkjer meg nedover på øyane på måndag, men er litt skeptisk til den varsla nordausten. I utgangspunktet hadde eg tenkt på å dra til Asmaløy eller Spjærøy. Kan det funke på denne årstida med sør- og vestvendte plassar i le for nordausten, til dømes den fine stripa austover frå Brattestø?
  4. Huff, det var deprimerande. Eg hadde tenkt meg til Bevø og Askedalstangen til helga, men der er det sikkert heilt attfrose enno - er det nokon som har observasjonar?
  5. Ikkje snakk om å gje seg, for all del. Og turane på Hvaler gjev så enormt mykje i form av vakre landskap og rare overraskingar at eg kjem alltid lukkeleg heim også utan fisk. I går såg eg til dømes ein fasan for første gong. Men det er jo enda kjekkare å kome heim med litt fangst, da. Ikkje minst når moroa skal legitimerast i heimen. Lurer forresten på om eg såg eit garn som gjekk parallelt med Landfastodden like ved Flaskebukta: Mystisk, langt, umerka tau i overflata, eg klarte ikkje finne ut kva det var for noko. Men det såg ut som det hadde vore lenge i sjøen, så truleg ikkje garn.
  6. Hei! Eg har lese dette forumet ei tid, med stigande undring og ærefrykt. Dette har vore ein sørgeleg sjøauresesong for min del, og eg blir mektig imponert over fangstane folk kan vise til. I går brukte eg til dømes seks timar på å fiske langs nesten heile vestsida av Asmaløy på Hvaler, frå Vikerodden til Pikesten, utan eit napp. Det var første gongen eg var der, men mange av plassane såg i prinsippet fine ut, og eg vil jo tru at området er OK på denne årstida - eg opplevde bra fiske i Kuvauen på same tid i fjor. Eg byrjar alvorleg å lure på kva eg gjer gale. Har nokon innspel om kva delar av Hvaler som fungerer på denne årstida? (Asmaløysundet prøvde eg ikkje ein gong, det var grumsete som ein tjukktarm.)
×
×
  • Opprett ny...