Gå til innhold

catoska

Members
  • Innlegg

    4
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

7 Neutral

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

  1. catoska

    Orvis slingpack

    Selger en lite brukt slingpack. Brukt en sesong, deretter tatt plass i boden. HBO 500kr +frakt
  2. Tilbakeblikk Turens første fiskedag starta ganske bra for min del. Endte opp med fire fiskar, ikkje var dei særleg store, men eg trudde at dette skulle bli ein forrykande bra tur med mykje fisk på kroken. Spesielt artig var det når eg på motsatt side av elva såg eit vak under ei grein som stikker ut over der fisken sto. Eg bestemmer meg for å vade omtrent halvvegs ut i elva og prøver meg på eit kast halvt oppstrøms for meg. Fisken vil ikkje ta, prøver på nytt, denne gongen ser eg eit vak, usikker på om det var mi fluge den tok. Det er motstand i stonga og den bøyer seg, for ein herleg følelse. Adrenalinet kjem og lykkerusen stiger. Etter ein liten kamp har eg fått fisken i håven og får kompisen min til å ta bilder av fisken for meg, desse viser seg å bli totalt uklare sidan kameraet står på manuelt. Kort tid etter eg fekk min største fisk finner vi ut at vi skal prøve oss enda litt lenger ned. For å komme oss lenger ned må vi krysse eit gjerde, første foten kjem over og so skal eg ha med den andre, der ryker den nyinnkjøpte vadebuksa på ein liten ståltråd som stikker ut, panikken brer seg og gode råd er dyre. Det er allereie begynt å bli kveld og det er ikkje sportsforretning i bygda, det endar opp med ein køyretur til næraste sportsforretning som vi når med eit par minutts margin før dei skal stenge. Heldigvis har dei nødvendige lappesaker og turen er redda for min del. Eg er framleis usikker på om dette var det riktige å gjere denne dagen då vi hadde fått oppleve starten av eit spinnerfall av danica, men det er kanskje like greitt å ikkje vete kva ein gjekk glipp av. Andre dag og været blir dårlegare og vi får ein del regn. Vi prøvar oss på å køyre eit lite stykke ned elva og gå oppover, det viser seg å vere ei katastrofal plan. Vi går heile vegen opp til der vi avslutta dagen før utan så mykje som eit vak. Vi blir igjen der vi avslutta dagen og kastar omtrent i blinde. Ser svært lite vak og etter nokre timar gjer vi opp og reiser tilbake til hytta igjen. Tredje dag, og eg står i elva og kastar etter ein ørret, været er ikkje på vår side idag. Dette er den kaldaste dagen på vår fisketur, vi trassar sur vind og har komt oss ned i elva alikavel. Medan eg står og kastar på denne ørreten som ikkje vil ta noko av det eg prøvar å servere den, trass i mange flugebytter og gjentatte flyt der den skulle stå. Plutselig begynner dei andre som var med ned i elva og rope på meg. Fiskekameraten min har fått på sin livs ørret, og eg har kamera ståande på elvebredda rett ved sidan av meg, eg kavar meg opp den bratte elvebredda som eg sklei ned for å komme ned til fisken eg prøvde å fange. Betydeleg vanskelegare å komme seg opp glatte grasskråningar enn ned merkar eg fort. Heldigvis tek det litt tid før Stian, som har fått fisken på kroken klarar å få den inn og opp i håven. Dette gjer at eg får jogga dei 100 meterane opp langs elvebredda og satt opp kameraet, og får fanga dei få minutta av det som gjenstår av den dramatiske kampen mellom ørret og fisker. Heile gjengen er gira, dette er vår første tur til ein plass vi har moglegheit til å få ørret som er verdt å nemne noko storleik på. Uheldigvis for oss blir dette den einaste fisken over kiloen på turen. Men vi er alle glade for at ein av oss får bryte kilosgrensa og vi alle får sjå ein slik vakker ørret av dette kaliberet. Etter å ha tatt dei obligatoriske bileta av ørreten og sørga for at den får ein fin retur ut i elva igjen, bestemmer vi oss for at det er nok. Kalde, fornøgde og lykkelege trakker vi opp igjen til hytta, slenger frå oss alt utstyret og drar fram ein god dram av «The fat trout». Den sørger for at varmen kjem litt fortare tilbake og stemninga blir enda litt betre. Bilde av den vakre ørreten i området Fjerde dagen og vi går ned til elva, denne dagen prøvar vi å gå andre vegen, plasserer bilen lenger oppe slik at det ikkje blir så langt å gå tilbake til hytta. Idag blir vi splitta opp av tålmodigheten. Jens Petter og Martin nærmast springer oppover elva og skal fiske lengst mulig strekke medan eg og ein annan blir så fokusert på dei vaka vi ser og vi bruker lang tid på å gå oppover elva. Det endar opp med at vi blir ståande og kaste etter ein fisk vi såg i fleire timar. Det endar opp med at eg får fisken til å ta fluga eit par gongar, men tilslaget kjem til feil tidspunkt kvar ein einast gong. Frustrasjonen bygger seg opp og vil ikkje sleppe. Heldigvis skremmer eg ikkje fisken heilt vekk. Og etter ei god stund får Stian sleppe til, han endar opp med å få kroka fisken etter ei stund, men uheldigvis får han oppleve at fisken rettar ut kroken. Og banneorda sit laust. No har det gått ganske mange timar og det er like før det blir mørkt, vi tek til å gå vidare oppover elva der vi kjem på ein kulp med 3-4 kjempar av noken ørretar. No aukar pulsen så kraftig at det er berre såvidt eg tør å kaste ut fluga idet det svøm forbi ein delfin av ein ørret berre eit par meter frå føtene på meg. Det blir heller ikkje fisk denne dagen då mørket kjem som julekvelden på kjerringa. Og vi kan berre starte traskinga mot bilen som står lenger vekke frå oss enn hytta gjer. Femte og siste fiskedag på denne turen, været strålar og vi kjem ikkje over fisken vi skulle fange dagen før, og turen går tilbake til samme stein som fisken sto ved. Idag var Stian fast bestemt på at denne fisken skulle i håven. Han brukte mange kast og bytta fluge gjentatte gangar og fisken kom opp eit par gongar, men idag skulle tilslagsbomminga mi smitte over. I tålmodighetens kamp gjekk eg litt lenger ned i elva og såg ein liten fisk som stod steady, sneik meg ned i elva berre 3 meter bak fisken og lobba ut eit latterlig kort kast, såg fisken tok fluga og pulsen gjekk rett i taket og tilslaget vart heilt gløymt. Litt kjedelig å ikkje få gje fisken tilbake friheten etter å først få sett litt nærmare på den, men så gira etter å ha sett fisken ta fluga i ei heilt klar og sakterennande elv så var det heilt greitt. Lenger oppe har Jens Petter og Martin konsentrert seg om kulpen med dei mange store fiskane. Desverre er ikkje desse så gira på å gå i overflata og ta tørrfluger, så det blir ekstremt mange kast, men svært lite action. Etter å ha bytta på å kaste, spotte og gje tilbakemelding om flyta gjev dei opp delfinkulpen og beveger seg 20 meter lenger opp og kastar på nokre fiskar som står der. Jens Petter får ein fin fisk som nærmar seg kilosgrensa og det trur eg vart siste fisken på turen. Ikkje på grunn av at vi hadde fått nok av kulpen, men kort tid etter at vi har tatt bilde av fisken og sleppt den fint tilbake igjen, kjem mor og datter iført badedrakt og hoppar rett uti kulpen berre få meter ifrå oss. Sinte og frustrerte går vi vekk frå kulpen, ikkje skjønner vi at lokalbefolkninga kan klare å hive seg ut i ei elv rett attmed ein gjeng med flugefiskera. Tenker dei ikkje over at folk betalar i dyre dommar for å få fiske i ei glassklar og fin elv? Vi er ein gjeng ifrå vestlandet som har starta med flugefiske for nokre få år sidan. Alle hadde passert 20årsgrensa før vi tok til med flugefiske for alvor. Og med tanke på plassen vi kjem frå er det eit under at interessa vaks, overalt ein tek turen her er det same problemet med liten fisk, men veldig mange fisk. Det kan derfor til tider vere surt når ein kjem på nettet og ser utallige videoar med fiskarar som tek stor og fin fisk, men det er fint å kunne tenke på at ved neste langtur er det moglegheit for at det kanskje er min tur til å få ein storfisk. Ein ting er sikkert og det er at det ikkje skal klagast på utstyret, starta først med ei billeg flugefiskepakke frå eit kjøpesenter i nærheita av heimplassen min, etterkvart fekk vennane mine dyrare og betre stenger so då tenkte eg at eg og skulle ha ei lita oppgradering. Det blei til eit kjøp av ei ny stong og flott snelle etterkvart, ikkje store oppgraderinga, men ei mykje betre stong var det. Dette fungerte meget bra, heilt til eg var oppe med eit tjønn som hadde tatt litt tid å gå inn til. Der vart først ett par fiskar betatt av flugene på enden av fortommen, deretter vart snella fint plassert i sekken trudde eg. Når eg kom meg heim igjen og skulle ut på neste fisketur viste det seg at snella vart liggande igjen eller fall ut av sekken på veg ned igjen. Her en plass trur eg snella ligger. Det var jo surt då dette var minst ein times kjøring og omtrent like lenge å gå for å finne igjen snella. Då fekk eg ein god idé om å bruke snella og snøre frå den gamle stanga mi og det gjekk ganske bra fram til eg fekk kroka ein liten ørret i elva og skulle drage flugesnøre ut forbi den siste stangringen. Eit sekund uoppmerksomheit endte med at eg stod med snøre og dei 40 siste centimeterane av flugestanga i handa. Den hadde knekt rett over skøyten til tuppen. Det førte til umiddelbar fortvilelse og panikksøking etter ei ny stang. No har vennane mine gått til innkjøp av nye og enda betre stenger so denne gongen skal ikkje eg vere noko dårligare i innkjøpet so eg bestiller meg ei flott Sage zxl i klasse 5, og det var eigentleg starten for den store pengesluken flugefiske verkeleg er. Etter den har det blitt ei Orvis Superfine i klasse 3, og søket etter ei ny stong for å få eit lite utval av stenger pågår stadig. Denne gongen prøver eg å finne meg ei rask klasse 4 stong for å ha noko å ty til når vinden set inn, slik at ein kan fortsette å skremme fisken sjølv når vinden herjar på. Rask måte å avslutte fisketuren på. Og her sit eg i slutten av mars og trålar internettet etter nye og gode klipp av andre som fangar stor ørret, og håpar på at i sommar skal det også bli min tur. Leitar etter nye plassar ein vil prøve flugestanga på. Det har blitt nokre månadar med spekulering, og alternativ har vi funne. Det skal ikkje mykje til med tanke på at vi er ganske ferske i gamet. So då sit eg her og speidar ut glaset etter mildare vær og insekt. Lengtar tilbake til den sommaren som var, med mykje god stemning, litt fortvilelse og håp om å få ein stor fisk. Håpet lever vidare, fortvilelsen kjem med vak og bom på tilslag, og stemninga kjem garantert tilbake når ein får landa ein fisk eller to. Skitt fiske!
  3. Den ligger på siden på en perm slik at hackelet og halefiberene holder den oppe fra permen litt styr for å få den til å balansere skikkelig, men godt fornøyd med bildet også
×
×
  • Opprett ny...