Hei.
Har vært ein tur i sjøen å fiska i dag. Starta i grålysninga på ein plass som har levert tidlegare. Håpet var
å få kontakt med ein sø, men det blei det ikkje. Fiska i ei grunn vik med leopardbunn, er utvada til ca livet da eg plutseligt ser ein steinbit som ligg rolegt på bunnen nokre meter fra meg. Lurer først på om den er dau, men kjenner at pulsen stig da den plutseligt opner kjeften og knuser nokre blåskjell som heng på ein stein rett ved sida av den. Fisken har intense auger som ser på meg og eg føler at knusinga av skjella var ein advarsel om at beina mine er neste mål
Adrenalinet fosser i kroppen og eg begynner å rygge forsiktigt bakover. Tenker litt att og fram om kor mange som vil tru på denne historien om eg ikkje har bevis. Med tanke på at fisken tydeligt er aggresiv så tar eg flua, ein kutlingimitasjon. Kaster litt forbi, lar den synke ned mot bunnen og drar den tilbake forbi fisken. Etter eit par forsøk så løfter den seg fra bunnen og suger flua i seg Da fisken kjenner den henger fast kommer den rett mot meg. Bilder av knuste bein og blod raser forbi i hodet mitt, heldigvis klarer eg å stramme opp stanga og fisken svinger tilside og går utover mot dypet. Eg rygger innover mot land med fisken på slep. Heldigvis henger flua ytterst i leppa og ved hjelp av krokutløysertanga så er fisken laus.
Tar nokre kjappe bilder før eg slepper den og fisken svømmer rolegt utover og forsvinn i dypet.
Er ein C&R mann så er ein C&R mann
Bjørnen.