Gå til innhold

Oppdrettsnæringa skuldar på sportsfiskarane


Anbefalte innlegg

Stavanger Aftenblad trykker i morgen denne artikkelen hvor laksenæringa fyrer tilbake mot laksefiskerne. Strategien er åpenbart angrip eller bli angrepet. Kjør debatt!

 

 

 

 

 

Oppdrettsnæringa skuldar på sportsfiskarane

 

 

Forfatter: Birgitte Flote

 

Villaksen i Hardangerfjorden har ikkje behov for å bli redda, hevdar ein bransjeorganisasjon for oppdrettsnæringa. Norsk sjømatsbedrifters landsforeining (NSL) meiner det står bra til med villfisken i Hardangerfjorden.

Dei ser difor ikkje behovet for genbank.

Overfiske

I den grad dei ville bestandane slit, gir organisasjonen sportsfiskarane skulda.

- Overfiske har ført til kollaps i fleire elver. I tillegg har sperre i vassdraga ført til at nokre ville fiskebestandar er svake, seier Frode Reppe, fagsjef for kommunikasjon og næringspolitikk i foreininga.

Reppe meiner freding er løysinga på problemet.

- Store områder i både sjø og elv må fredast for fiske. Det kan ta opptil 20 år før villfiskbestanden er styrka, men med freding vil det ordne seg naturleg, seier han.

Utryddingstruga

Bakgrunnen for å opprette ein genbank er forsking som viser at mange villaksbestandar i Hardangerfjorden er utryddingstruga grunna lakselus og rømming frå oppdrettsanlegg.

- Oppdrettsnæringa er i ferd med å ta knekken på villaksen, har Håkon Fossmark i Naturvernforbundet i Rogaland tidlegare uttala til Aftenbladet.

Han meiner underrapportering av rømt oppdrettslaks er eit stort problem: - Næringa har fått styre som dei vil

Kritiserer forskinga

NSL meiner derimot at rømming frå oppdrettsanlegg ikkje er så omfattande, ifølgje Reppe. I eit brev til Nærings- og Fiskeridepartementet hevdar organisasjonen at det er behov for ny, uavhengig forsking.

- Heile faktagrunnlaget bak avgjersla om å starte genbank er feil. Situasjonen for laks og sjøaure er ikkje så gale som dei skal ha det til, seier Reppe.

Organisasjonen har gått gjennom forskingsmateriale og funne det dei meiner er konklusjonar på svakt grunnlag, samt mangel på registrering av feilkjelder.

Genetisk utvatning

Havforskingsinstituttet står bak mykje av forskinga som ligg til grunn for avgjersla om å opprette genbank. Forskingsdirektør Geir Lasse Taranger meiner kritikken frå NSL er useriøs.

- Vi gjer årleg vurderingar av betydinga av rømt oppdrettslaks, seier han.

Mellom anna viser han til ein fersk forskingsrapport frå Vitskapeleg råd for lakseforvalting, der spor etter oppdrettslaks vart funne i to tredjedelar av dei vurderte villaks-bestandane.

- Sjølvsagt kan stort uttak gjennom fiske vere eit problem i enkelte elvar, men kvar problemet ligg skil seg frå stad til stad. Difor gjer vi stadig risikovurderingar, seier han

Kor farleg er lusa?

Spesielt er det forskinga på lusesmitta laks NSL er skeptisk til.

- Dei har ikkje grunnlag for å konkludere med kor store konsekvensane av lakselus er, seier Reppe.

Havforskingsinstituttet finn at lakselus fører til redusert vekst og svake villaksbestandar vil dermed slite med reproduksjonen, finn Havforskinsinstituttet. Lusa påfører fisken skade ved å ete av slim, skinn og blod.

- Rett nok er vi ikkje i mål med å kunne seie eksakt kva konsekvensen av lakselus er, men vi har likevel funne ut mykje. Det er mellom anna vist at lakselus har gitt høgare dødelegheit i sjøfasen enkelte stadar i Hordaland, seier Taranger.

Krangler om forurensing i Vatsfjorden

Oppdrettsnæringens skrekkvelde

Tror oppdrett flyttes bort fra fjordene etter 2030

Fact-box info:

Dette er saka

Norsk sjømatsbedrifters landsforeining er ei foreining for fiskeri- og havbruksnæringa og organiserer mellom anna norske oppdrettarar.

Ein genbank skal opprettast for å bevare utryddingstruga villaks frå Hardanger.

Miljødepartementet vudrerer NINA sitt forskningsanlegg på Ims i Sandnes som best eigna for genbanken.

70 millionar er bevilga til prosjektet.

Innsamling av laks- og sjøauregener er allereie godt i gang.

Foreningen laks tilbake til Lutsivassdraget og Naturvernforbundet meiner forskingsprosjektet vil ødelegge for fisken som allereie er i elva.

Image info:

- Overfiske har ført til kollaps i fleire elver, meiner Norsk sjømatsbedrifters landsforeining.

"Hvorfor står ikke temaet oppdrettslaks på dagsordenen til journalister landet over hver uke?" spør Jeanette Jacobsen.

© Stavanger Aftenblad - Login

  • Lik 7
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Trist å se at så mange folk (ikke bare i Norge) som har sluttet å bry seg om naturen og er villig til å ødelegge selv de siste ressursene, så lenge det tjener dem penger...

Men det er positivt å se at flere også engasjerer seg i kampen mot disse kokoser...

Endret av Ondrej
  • Lik 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

×
×
  • Opprett ny...