Jump to content

Fattigmanns-splitcane (Poor mans quad)


Recommended Posts

Mesteparten av mitt fiske er etter aure på mellom 1-3 hg, slik er det på vestlandet når ein må bruke nærområda til mesteparten av sitt fiske. Å fiske så liten fisk med karbon i klasse 4-5 er ganske kjedelig. Kjøpte ei stang i #2 som viste seg å vera underklassifisert men virka veldig bra med snøre i klasse 4 og 5. Ok, då må eg bygge meg ei lett stang fann eg ut, ei med relativ roleg aksjon som er det eg likar å kaste med i tillegg til at eg vil ha ei kort stang som egnar seg for litt busk og kratt og skogselver, 6-7 fot tenkte eg var bra. I karbon eksisterar det ikkje slikt. Då er glassfiber eller bambus tingen visstnok. Tanken på å bygge stangemne heilt frå botnen av og kunne sjølv velge aksjon og lengde med meir var veldig fristande. Imidlertid så er visstnok splitcanebygging jekla tidkrevjande og dyrt. Du treng høvelformer til 5000-10000,- høvel til tusenvis av kroner med meir. Som det står i ei av bøkene "You need tree different sets of forms to build a rod"...... Derfor leste eg meg opp på glassfiber men så kom eg over denne lenka:

 

Ein enkel og ikkje så kostbar måte å bygge splitcane på, hm, dette må eg kanskje prøve. Det enklaste skal vera å få tak i bambus visstnok, det viste seg at det er det vanskelegaste og dyraste i heile prosjektet. Pga lengde er det DYRT å sende, siden alt over 120 cm er spesialpost. 100 euro i frakt er i overkant. billeg bambus som var stor nok var heller ikkje å oppdrive på lokale hagesenter. Til slutt så kjøpte eg eksklusiv stangbyggerbambus frå tyskland, som vart kappa i 120 cm lengder og sendt derifrå, men prisen for 3x120 cm kom på 1000 NOK. Ut frå prøving og feiling så ser eg at eg iallefall får ut minst 5-6 stangemner(håper eg dersom eg ikkje roter for mykje). Då vert ikkje prisen so galen... sa han for å rettferdiggjera prosjektet ;-).

Så kjøpte eg billeg høvel på biltema, litt anna stasj og puste opp ein gamal stanleyhøvel i tillegg. Kan sei at å bryne høvelblad var noko av det mest tidkrevjande.

Prosessen er i grove trekk slik det er i lenka over. Varmebehandling var med propanbrenner. Høvla med støthøvel, det gjekk fint med ein billeghøvel som var brynt slik at den var veldig skarp. I tillegg måttte den stillast inn slik at den ikkje tok for mykje eller for lite av (veldig viktig). Nodane høvla eg ned, det vil sei at eg ikkje pressa dei, som i splicanemiljøet er som å drikke brennevin i julegudstenesta... men etter å ha lest på nett så tok eg den snarvegen. Etter litt fomling med høvling så gjekk dette veldig greit egentlig. Siste finpussen tok eg med ei skrape og målte ofte med eit mikrometer (kjøpt billeg på ebay).

Til å rette ut stangemna brukte eg ein brødrister. Liming gjekk med titebond. Fullførte stanga på vanleg måte når stangemne var klart.

Utfordring: tupp nr 1 hadde ein vridning i seg når den vart bøyd, dette fordi eg ikkje klarte å holde den kvadratisk men vart høgare enn brei, noko som gjorde at den ved belastning bøyde seg til ei av sidene. Lærdom: lag breiare enn høgare evt kvadratisk. Splitt mykje breiare enn du trur du treng, godt å ha ein god feilmarging. Tupp nr 2: hm svak vridning som openbart ligg i ein node, knakk skiten når eg skulle prøve å varme og vri den på plass. Tupp nr 3: spot on, veldig god og nøgd med resultatet.

Stanga er bygd som ei nunley sunfish #2, 6 fot, 2-delt. Ettersom det var mi fyrste stang så tok eg for lite av i forsiktighetens namn og har fått ei stang som nok er meir #3. 

Korleis kaster denne stanga? Eg har kun kasta med splitcane i klasse#7 type hørgård i 9,5 fot. Derfor har eg ikkje noko samanlikningsgrunnlag. MEN stang er mjuk, med litt ryggrad slik at den er veldig god å kaste med opp til 10-15 m, og veldig god til småelver og småvatn, som og var intensjonen. Er ikkje god i vind men det kan vera at stanga er for lett eller at den berre er 6 fot. Er uansett ikkje ei høgfjellsstang. Har siste månaden kun brukt den og synes den er konge å kaste og presentera med. Mogleg at timane eg har brukt til bygging verkar inn her og gjer denne vurderinga subjektiv. Masse følelse og gøy å kjøre fisk med den. Krever litt meir timing i kastinga enn karbon men det går seg til. SKal ferdigstille ei #4 i løpet av hausten og er spent på om den vert raskare og spenstig.

Det er veldig gøy å bygge men krev litt rom for feil, har som sagt gjort nokre feil og dersom eg skulle gjort dette opp at så ville eg starta med billeg hagelandbambus for å gjera feila der.  I tillegg kunne eg tenkt meg å kaste med splitcane i klasse 3 og 4 som er tilnærma lik det eg lager slik at eg hadde eit samanlikningsgrunnlag. Tidsbruk: Ser at dei som har litt trening seier at stangemne er klart på 5-6 timer men eg har såklart brukt mykje meir. Med finslipt høvel så trur eg at eg skal kunne ha klart eit stangemne på 10 t , men kanskje litt mindre når eg har trening. Totalkostnad, tja bambus var dyrt, i tillegg har eg brukt billegløysingar. Måtte kjøpe mange limklemmer, sandpapir, mikrometer, propanbrenner (det funker ikkje med primus), støthøvel, lim ++. Adskilleg billegare enn å bygge ei 6kanta splitcane men hadde fått eit godt stangemne i glassfiber eller 2 for prisen i utstyr. I tillegg er det jo adskillig meir tidkrevjande. Men når eg har utstyret så kan eg jo bygge veldig mange stenger men det er jo såklart eit spørsmål kor mange eg treng.....

Ville eg starta dette når eg ser kor mykje arbeid det er? Usikker, men dei fleste av mine DIY prosjekt, alltid meir jobb enn eg trur. Eg er sikker på at ting går raskare etterkvart, eg er iallefall nøgd med resultatet og er spent på korleis ei lengre og tyngre stang kastar. 

Å bygge stangemner på denne måte ser eg har sine begrensingar, det er vist til at det ikkje bør over 8 fot og ikkje over klasse 5 til 6 fordi vekta vert stor, men vi får sjå. No har eg laga ferdig eit stangemne i #4, tredelt 6 fots, som skal ferdigstillast i løpet av hausten innimellom alle plikter som ein småbarnspappa med rekkehus og hage og jobb har. Skal i vinter lage ei 3 delt 7,5 fots #5, i tillegg til ei 6,5 fots #5 2 delt til lett sjøaurefiske. 

Nyttige lenker som eg har lest ein del er:

 (Klikk på PMQ)

 

 

Edited by jak
Link to post
Share on other sites
  • 3 months later...

Har no gjort ferdig stang nr 2. Dette er ei 3 delt, 6 fot # 3, etter cattanach-taper.

Måtte (igjen) lage 3 tupper før det vart bra, men no er det ei kort og veldig fin stang som kastar mjukt og fint. Måtte ta av holker fordi dei var skeiv, mao alltid sjekk holkane før liming.

Link to post
Share on other sites
×
×
  • Create New...