Gå til innhold

Kai B

Members
  • Innlegg

    13
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

    Aldri

Nettsamfunnsomdømme

0 Neutral
  1. Hadde Bandak Fiskelag hatt økonomi til å betale telemetriundersøkingar hadde me hatt god råd. Trur dette prosjektet var berekna ti 1,5 mil. Dette må eventuelt kome som eit pålegg frå fylkesmannen. Det er ein formidabel jobb å fange og operere inn senderar i fisken. 8 veker med døgnvakt på garna. Dette er heller ikkje uten risiko for store hoer, noko som me ikkje har for mykje av. Morten Kraabøl driver å sammenliknar Losna stamma med Bandak stamma, veit ikkje heilt kvifor men eg trur dei har liknande levesett. I Bandak må auren starte på 3 pigga stingsild og bekkeniauge for å oppnå ein størrelse slik at den kan ete sik. Smoltifisering er ikkje så utprega på Bandakstamma slik ein ofte ser der på andre storaurestammer. Dette kan ha med at smolten ikkje er utsett for predasjon frå tildømes gjedde. Vandringshinder har me og i Tokkeåi, det er bygd tilsammen 17 steintersklar i elva. Den samla virkninga av dei 17 steintersklane kan vere stor ved låg vannføring.
  2. Byttefisken er sik som det nærast ikkje blir fiska på. Nina seier at det med fordel kunne ha blitt tatt opp betydlege mengder av siken. Dette for å auke rekruteringa på sikstamma. Teoretisk ein større andel av siken som er mindre og lettare å ete av storauren. Me har det Nina kallar ei forgubba sikstamme med liten rekrutering. Forslaget om å redusere bestanden av vaksen sik er totalt urealistisk. Sikstamma er som ho har vore i tusenvis av år, det er nok ikkje der hovedproblemet ligg:) Det viktigaste ein kan gjere er å få vekk alle ekstreme hendingar i elva og vatnet. Det er dei som som verkeleg er hovedproblemet. Fiskereglar er viktig, men stabile system er det desidert viktigaste. Livet til storauren må ha ein bra start. Ikkje ein start som er prega av sult, då fell heile grunnlaget vekk for å bli stor.
  3. Storaurefiske har særs gamle tradisjonar i Bandak og Tokkeåi. Det har igjennom fleire hundre år vore fiska på denne stamma. Etter reguleringa i 1957 forsvant nesten alt vatnet i Tokkeåi. Vannføringa vart redusert frå 90m3 pr.sek til snaut 20m3 pr. sek. Det vart etter dette lett å fiske med garn på deltaet og det vart tatt ut relativt mange storaurar på 60 talet. Utover på 80/90 talet vart fisket heilt ute av kontroll, og fylkesmannen innførte fredingsreglar i Tokkeåi og deltaområdet. Desse reglane vart stort sett respektera. Då me starta arbeidet i 2009 vart det i samråd med Morten Kraabøl på Nina foreslått å totalfrede Bandakdeltaet for garnfiske. Garnfiske vart stoppa totalt i 2009. Me har då teoretisk freda storaure og ca. 3000 300-400 grams fisk på dei 3 åra. Me har redusert opptaket av storaure med 99,9% Det er lett å håndheve fiskereglar i Tokkeåi og Bandakdeltaet. Verre er det med sjølve Bandak. Bandak er stort 26 km2. I Bandak har ein og mange grunneigerar med ulike meiningar om fiskereglar. Eg vil bare seie at å få samle så mange grunneigerar om desse fiskereglane er ein omfattande jobb. Det er eit stort hopp frå nærast fritt fiske til strenge fiskereglar. Det beste hadde vore å totalfreda storaurestamma. Det er heilt klart at når storaurestamma i Bandak er framme i media, vil dette skape eit høgare fisketrykk. Det som me ikkje likar er store båtar med riggar og planerboard osv. Me skal skrive om fiskereglane for Bandak i år, trur det vil bli ein del forandringar. Me er i stadig dialog med Nina om fiskereglar og tilhøva rundt storaurestamma.
  4. Fiskereglane i Bandak styrer dette. Trur dorgegutta blir litt skuffa når dei kun har lov å fiske med 1 stong pr. pers. I praksis er dette det nesten det same som fredning.
  5. Fiskane er synlege på gytefeltet rundt 20. oktober.(Me passar godt på Dorging etter Bandakaure er mildt sagt vanskeleg. Storauren i Bandak går bare på sik. Krøkle er det ikkje i Bandak. Dette gjer at storauren i Bandak ikkje treng vere så aktiv, som ein krøkleetande storaure. Me har faktisk sett storaurar med ein 300 gram sik i magen og ein i svelget, då har ein truleg mat i to veker. Er ikkje bekymra for sportsfiske på storauren i Bandak. Du må ha relativt store fritidsproblem om du skal greie å få ein på kroken.
  6. Kjem fisk av ein "litt" større kaliber i dei neste episodane
  7. Det er viktig å kome med innspel til vannutvalga slik at planarbeidet blir bra for di elv/vatnet. Det er særs lett at det blir ein overfokusering på vannkvalitet, og det vesentlege nemleg vassføring og vannstand blir bagatelisera. Klart det er viktig med vannkvalitet, men eg syns det er ei veldig overfokusering av dette. Er vassdraget ditt regulert, noko som eg nesten skal garantere har eg nokre råd til deg. Ta kontakt med NVE og få ein kopi av gjeldane konsesjonsvilkår for den aktuelle reguleringa. Dette er særs viktig. Desse vilkåra må du lese nokre titalls gonger for å kunne forstå det som står der. OBS Hydrologiske ord og utrykk har forandra seg frå dei gamle konsesjonane til dei nyare. Dette er særs tunge dokument å tråle igjennom, men det er viktig. Er konsesjonsvilkåra i samsvar med dine erfaringar med vassførig og vannstand? Hvis ikkje er det noko som ikkje stemmer.
  8. Etter el-båt fiske på deltaet no i oktober såg ein verkeleg at bekkeniauge, stingsild, marflo hadde tatt seg opp sidan i fjor. Så skal dette bare utraderast på 1 dag. Det er ikkje til å tru. Nå er det slik at me ikkje legg ned 4 års kamp utan motstand. Nå skal alt endevendast og opp i dagen, me har ingen ting å tape.
  9. Ei slik nedtapping det her er snakk om er totalt øydleggande for deltaet. Dei gode forbetringane som var oppnådd er borte på 1 dag. Storaurestamma er snart bare eit minne. Nedover med gytebestanden for kvart år og nedover med næringsgrunnlaget. Dette er tungt for dei som har lagt ned åresvis med arbeid for storaurestamma. Eg er særs skuffa over Statkraft, dei sjølvpålagte restriksjonane er ingenting verdt. Kai Brattestå
  10. Når me filma var vassføringa ca. 15m3 pr sek. Vassføringa før filming var i ein lang periode opp mot 100 m3 pr sek. Dette var tydeleg det som skulle til av vassføring då nesten all storaure samla seg på det øverste feltet. At det går 100 m3 pr. sek. over ein så lang periode som i 2011 er særs sjeldan i Tokkeåi. Trur nesten ikkje det har hendt på dei 55 åra det har vore regulert. Men det var heilt normalt før regulering i 1957. Vassføringa før regulering i august, september var i snitt 100 m3 pr. sek.
×
×
  • Opprett ny...