Gå til innhold

Bjørn Huse

Members
  • Innlegg

    346
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    3

Innlegg skrevet av Bjørn Huse

  1. Takk for gode og avklarende svar alle sammen <<l   Har sett desse pakkene med sadelfjær som Worldmaster nevner, men ikkje i seinere tid.

    Ut fra det som Mr.Bean seier så kan det bli vanskeligt å finne så store sadelfjær som eg ønsker. Får ta jobben

    med å sortere litt i dei nakkene som eg har.

     

    Mvh

    Bjørnen.

  2. Hei,.

    Kan noen forklare meg forskjellen på desse nakkene?

    Begge er merka med "dryfly hackle" i tillegg står det rooster saddle på

    den grizzly.

    På grizzlyen så er alle fjæra samme størrelse, #16 på hacklemåler og

    dette begrenser seg til berre nokre typer/størrelser fluer.

    Den andre har jo eit vidt spekter av fjær, men kvar fjær er ikkje samme størrelse

    heile lengda og gir da eit varierende resultat.

    Eg lager i hovedsak fallskjermdøgnfluer og kunne tenkt meg ein nakke som er lik den

    eg har, berre i fjærstørrelse  #12 på ein hacklemåler.

    Finnes dette?

     

    Kanskje noen vil bytte/kjøpe grizzlynakken? Er ikkje mange fjæra som er brukt av den.

     

    Mvh

    Bjørn Huse.

    post-620-0-29855200-1429778034_thumb.jpg

  3. Hei.

    Har vært ein tur å fiska i dag og. Klarte å lure ein liten SØ i dag og

    hadde nokre følgefisker av samme type :)

    Kom plutselig ein torsk sigande langs med land som

    ville ha flua mi også. Denne måtte desverre bli med heim til

    middag :( da eg fekk så mykje kjeft av konemor etter at eg slepte

    steinbiten som eg fekk forrige gang.

    I tillegg ein god del små lyr og pale/sei.

    Alt i alt så har det vært nokre fine dagar med bra uttelling.

     

    Bjørnen.

     

    post-620-0-60286600-1425074933_thumb.jpg

    post-620-0-61079300-1425074990_thumb.jpg

  4. Vanskeligt å sei vekta, men vil tippe 3kg+.

     

    Takker for tilbakemeldinger. Var ein ganske spesiell tur da eg såg to fisker til som ikkje

    er heilt dagligdags for meg. Den eine var ein rognkjeks/kall på eit par kilo som svømte forbi

    rett nedfor berget som eg fiska fra. Den andre var ein følgefisk som var heilt mørk/svart over ryggen

    med tydelige kvite kanter på finnene. Ut fra bilder som eg har sett på nettet så vil eg tippe sjørøye,

    men har ikkje høyrt om at sjørøya går så langt sør som Vestlandet.

    Nokon som kan bekrefte/avkrefte dette?

     

    Skal tilbake på fredag å prøve meir <<l

     

    Bjørnen.

    • Lik 1
  5. Hei.

     

    Har vært ein tur i sjøen å fiska i dag. Starta i grålysninga på ein plass som har levert tidlegare. Håpet var

    å få kontakt med ein sø, men det blei det ikkje. Fiska i ei grunn vik med leopardbunn, er utvada til ca livet da eg plutseligt ser ein steinbit som ligg rolegt på bunnen nokre meter fra meg. Lurer først på om den er dau, men kjenner at pulsen stig da den plutseligt opner kjeften og knuser nokre blåskjell som heng på ein stein rett ved sida av den. Fisken har intense auger som ser på meg og eg føler at knusinga av skjella var ein advarsel om at beina mine er neste mål pppunch

    Adrenalinet fosser i kroppen og eg begynner å rygge forsiktigt bakover. Tenker litt att og fram om kor mange som vil tru på denne historien om eg ikkje har bevis. Med tanke på at fisken tydeligt er aggresiv så tar eg flua, ein kutlingimitasjon. Kaster litt forbi, lar den synke ned mot bunnen og drar den tilbake forbi fisken. Etter eit par forsøk så løfter den seg fra bunnen og suger flua i seg laugh Da fisken kjenner den henger fast kommer den rett mot meg. Bilder av knuste bein og blod raser forbi i hodet mitt, heldigvis klarer eg å stramme opp stanga og fisken svinger tilside og går utover mot dypet. Eg rygger innover mot land med fisken på slep. Heldigvis henger flua ytterst i leppa og ved hjelp av krokutløysertanga så er fisken laus.

    Tar nokre kjappe bilder før eg slepper den og fisken svømmer rolegt utover og forsvinn i dypet. 

    Er ein C&R mann så er ein C&R mann :P

     

    Bjørnen.

    post-620-0-22537500-1424895002_thumb.jpg

    • Lik 19
  6. Når det gjeld impregnering av CDC så liker eg å dyppe heile

    myggen i Dry-dip etter at eg har bundet den. Eg lar den stå å

    tørke nokre timar før bruk.

    Virker mykje bedre enn berre å dyppe den og så kaste. Ser

    for meg at det ikkje er så mykje impregnering igjen etter

    nokre blindkast.

     

    Bjørnen.

    • Lik 1
  7. Når eg lager CDC-mygg så har eg funnet ut at den celleplasten som

    er brukt til å pakke inn pckontakter og andre ting fungerer utmerket

    som vingemateriell. Plasten har ein regnbueeffekt som fungerer som

    trigger i tillegg til å likne på ekte insektsvinger <<l

    Som kropp bruker eg svart bindetråd ribbet med pearl. eit tynt lag

    med uv-lim for varighet. CDC`n binder eg inn vha. magic tool og

    dubbingløkke.

     

     

    (CDC på den første myggen blir frisert før fisking.)

     

     

    Bjørnen.

    post-620-0-16483400-1418315755_thumb.jpg

    post-620-0-54356600-1418315775_thumb.jpg

    • Lik 10
  8. Elva som går forbi campingen er perfekt for tørrflue. Stilleflytende partier heile veien.

    Eg var å kikka der på Tirsdag, men det var ikkje noko liv å sjå.

    Stripende vårfluer er vel det som burde virke best, men det er og mulighet for

    små døgnfluer ala comparadun i #17-19.

     

    Lykke til og gleder meg til raport etter turen laugh

     

    Bjørnen.

    • Lik 1
  9. Og hvorfor skulle dette ikke skyldes en fluefisker? Er vi lissom

    englene vi da? Er du fullstendig blind eller?

     

    Veit ikkje heilt korleis eg skal svare på innlegget ditt, men eg rekna med at dei fleste såg wobbleren

    som hang fast i fuglen, og skreiv derfor at det mest truleg ikkje er ein fluefisker.

     

    Intensjonen min var å støtte swedeElvis sitt innlegg om at alle bør være bevisste på å passe

    på utstyret sitt.

     

    Eg bruker kontaktlinser, men fullstendig blind er eg ikkje.

    Kanskje nokre bør tenke seg om to ganger før ein slenger ut slike komentarer.

     

    Ha ein fortreffeleg god kveld.

    Bjørn Huse.

    • Lik 1
  10. Ved kjøp av SMS-kort så gjelder det fra det minuttet ein sender tekstmeldinga.

    Eg må vel innrømme at eg ikkje er av den avslappa typen som kan stå på hengebrua

    i fem timer å sjå på vakande fisk og ikkje få lov til å fiske.

     

    Vi har no kjøpt kort på nett så alt er i orden og er klare til  fiske med det same

    vi kjem fram laugh

     

    Bjørn.

  11. Blir nok pakking til Kola - må få vaska alt av fiskeklær etter ei uke, og pakke det ned igjen, og binde litt fluer og slik. Dessuten har jeg en date i morgen, så dagene flyr nok denne uka...  :D

     

    Her er forresten et av mange bilder jeg tok i helga. Jan Fredrik her, som er førstereis til Rena. Vi hadde planlagt denne helga alt i vinter, så jeg tok han med på et par fine plasser  :)  

     

    14575881786_afdd920fbe_o.jpg

     

     

    Såg fornøyd ut den karen, godt å ha ein skikkelig guide.

    Får håpe det blir nokre fangstbilder av Kjetil og meg i veka.

     

    Ellers så får du ha ein god tur til Kola og skitt fiske laugh

     

    Snakkest.

    Bjørn.

    • Lik 1
  12. Ja du har eit poeng der Andrè, men det blir nok ikkje fleire turar til Rena denne sesongen.

    Det er ei elv her på Vestlandet som vi skal ha nokre dagar i utpå hausten :)

     

    Med tanke på at vi kommer til Rena ca 05.00 om morgonen så er det greit å ha

    kortet klart og komme seg i elva.

    Vi kjøper kort på nettet no så vi har ordna opp i det.

     

    Ser vi deg i Rena denne veka eller er det pakking til Kola det går i?

     

    Bjørn.

  13. Hallo.

    Skal til Rena no i veka og køyrer over fjellet om

    natta. Usikker på kva tid vi er framme og tenkte å

    kjøpe fiskekort vha SMS, men eg finn ikkje koden

    for vekeskort, kun dagskort. (CKT10  - 2470)

     

    Kan nokon hjelpe meg med dette???

    Meiner det skal stå oppslag ved hengebrua.

     

    Mvh

    Bjørn Huse.

    • Lik 1
  14. Takk for det, karer  <<l

    Bjørn - prøver så godt jeg kan. Akkurat nå må jeg levere Jakt & Fiske-bidrag, men koser meg stort med sjøfiskefilmen innimellom ja  :) Det hadde vært trivelig å fått til igjen i vår, Bjørn.

    Blir nok ein del sjøfiske med meg utover våren. Kjetil S har kjøpt seg båt så

    det skal gå greit å komme ut til dei gode plassene <<l

    Det er sikkert plass til deg og så du er hjartans velkommen :D

    Bjørnen.

  15. Stod og så ut vinduet i dag og konstaterte at det regna å blåste i dag og, Kikka oppgitt ned i vinduskarmen når det plutselig slo meg... Eg graver fram skrinet med bindeutstyr og setter meg ned med eit fårete smil rundt kjeften.

    Etter noen minutter med kluring så enda eg opp med denne kreasjonen.

    Føler eg er i gang med bindinga nå  :rolleyes:[inline mode=1]

    Meget realistisk imitasjon Kjetil <<l.

    Godt å sjå at du har funnet inspirasjonen.

    Bjørnen.

×
×
  • Opprett ny...