Gå til innhold

Tverborgvik

Members
  • Innlegg

    51
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nettsamfunnsomdømme

12 Good

Nylige profilbesøk

Blokken for nylige besøkende er slått av og vises ikke for andre medlemmer.

  1. Eg tek Fario'en, Er det den gamle typen? (får ikkje opp bileta). Send gjerne e-post til espen.tverborgvik@gmail.com, så kan me avtale nærmare
  2. Mitt inntrykk er at størrelsane er spot on.
  3. Utruleg greit å høyre så mange ulike erfaringar Har nettopp gått til innkjøp av ei gamal Hardy "perfection rod" split cane # 4/5 frå rundt 30-talet. Denne har "dry fly action" og vil nok vere noko mjuk vil eg tru. Kombinert med den mjuke fiberglass stanga i klasse 3 høyres det ut som det vil vere meir fornuftig å gå for ei radian 904 eller a4 som fyrste firarstang i garderoben.
  4. Takk for respons, Knut. Var nyfiken på a4 - skadar ikkje at ho er rimeleg. Men kvifor er ho så mykje billegare? Vil ikkje ha noko half way, så vil du sei det er ei kvalitetsstang?. Må absolutt prøve å få testa ho ut.
  5. Kul tråd! Kjøpte mi fyrste split-cane stang i dag frå Storbritannia. Fekk ein god pris på ei Hardy palakona "perfection rod" 8,6 " frå angiveleg 1928. Tenkte å matche ho med Cascapedia 234 snella. I følgje seljar har dette vore bruksstanga hans, så tankane mine er å bruke ho aktivt og ikkje ha ho på veggen. Stanga skal òg takle både 4 og 5-ar line. Stanga skal ha det Hardy visstnok kallar "dry fly action". Kva line (modell/merke) føretrekk de på cane med djup aksjon?
  6. Stanga vert av mange kalla for den ultimate stanga til tørrfloge. Aksjonen skal vere medium rask, men angiveleg mest medium. Har nokon erfaringar med stanga dei vil dele? Har nokon eventuelt erfaringar med 8,8 vs. 9 fot i til dømes klasse 4 eller 5? Det er sjølvsagt subjektivt, og det kjem sjølvsagt an på kastestil og teknikk, men er stanga egna til å få til lengre kast når det trengs - eller er stanga ei utprega nærkontakt/medium-distanse-stang? Med det er spørsmålet om stanga er så "spenstig" at ho klarar å skape linehastigheit over lengre distansar, sjølv om ho ladar på kort distanse. Har ei Orvis Access som er Medium Flex og eg vert ikkje heilt komfortabel med den stanga på 15/20 meter, sjølv om eg likar ho godt. Med stive stenger (Loop Evotec fast) kastar eg enkelt lengre distansar. Her kan ein sjølvsagt hevde at teknikken er slik at det må raske stenger til, men eg fiskar mykje nær land òg. Har ein treig #3 som fungerar strålande på smygfisket. Vil Scott G2 vere ein god allrounder (i klasse 4 til dømes) eller vil ho vere ei meir utprega nærkontakt-stang? Omsider må eg sjølvsagt få til å prøve stanga sjølv. Alle meiningar, spekulasjonar og erfaringar vert teke i mot med takk
  7. Gamal tråd som fortener litt meir liv. Er ny-frelst Ekso fan og ser nok for meg at eg hamnar mykje der oppe til sesongen 2016. Men i kvardagen hadde det vore greit med eit vatn i nærleiken. Nokon som har tips til eit tilgjengeleg vatn ved kollektivtransport evt. til fots med telt? Les ofte at det skal finnast spanande vatn i Bergen, men eg har enda til gode å oppleve det. Har gitt opp å prøve mange av dei. Mykje fordi eg ikkje er fan av gjedde og 50 gr aure. Mykje fordi eg enda har til gode å nyte urban fishing. Stod og vassa i gamle syklar og tomflasker i Nestunelva èin gong, det var fyrste og siste gongen. Er det nokon som kan tipse om eit godt vatn? Praktiserar utelukkande C&R. Eventuelt pm - dersom det er ønskjeleg å halde det hemmeleg
  8. Kjøpte Cortland 444 Nordic Sea Trout her om dagen. Trur ikkje eg skal byte line til fiske i sjøen nokon gong igjen... Slo til med klasse 7 på ein rask Loop Evotec seksar. Fungerte som berre juling! Fantastiske skyteeigenskapar, lite minne og krøll. Det var relativt stille forhold, men fisken vart ikkje skremd, sjølv om ein kasta tilnærma "i vaket". Tok fleire sjøaurar og ein regnboge på nærmare 3 kg. Veit ikkje om lina skal få æra for akkurat det, men den skremde vertfall ikkje fisken når det var stille. Verdt å sjekke ut etter mi meining
  9. Er på jakt etter ei god stang til sjøaure i sjøen - må ha rask aksjon mtp vind osv. 7'ar kan vere av interesse. Kom gjerne med tilbud.
  10. Ei slik ordning ville bremse opp den viktige rekruteringa av "dagens ungdom" - dei framtidige forvaltarane og kultivatorane av fisken og naturen. Nei, då er eg heller for ei ordning der fisking/friluftsliv/naturforvalting får ei større plass i skuleordninga. Del ut fiskestengene - og la folk prøve seg fram. Eg har sjølv gått i frå å vere ein 6 år gamal gut, som var gapte av sjokk når søskenbarnet mitt slapp ut den store fisken, til å verte ein ihuga fan av fang og slepp. Jo fleire som kan bidra til å dra opp 100 grams aure frå overbefolka vatn i Noreg, jo betre. Men eg er for ei meir effektiv og strengare handheving og regulering av vatn og vassdrag med omsyn til kvoter/minstemål/C&R osb. Folk som driv med stikking, ulovlege garn osb burde verte sanksjonert. Her slepp ein alt for lett unna. Personleg forstår eg heller ikkje kvifor folk absolutt må da med seg villaks heim, og då særleg hofisk.
  11. Utruleg imponerande kast!
  12. Tusen hjartleg takk for god og utfyllande informasjon! Eg gleder meg veldig! Ser fram til å verte betre kjend med elva og folka der oppe. Ingen betre måte å feire at ein er ferdig med studia enn å bomse langs ei så vakker elv i ei god veke.
  13. Takk for respons! Jau, fann ut av det i ettertid at ein må gå av på Dale, men takk for heads up ; ) Er medlem av gruppa på Facebook, så eg tek tipset ditt med å sende ut eit signal der når det nærmar seg. Det hadde vore heilt konge om det var mogleg å sitje på med nokon opp. Eg er fleksibel med omsyn til avreisedato, men ser føre meg at eg dreg mellom 15-17 juni. Korleis er haldninga til telting utanom grustaket der oppe? Eg er veldig glad i å telte i naturen, og då gjerne ved elva (ikkje nær hot-spots i vegen for andre fiskarar sjølvsagt). Så kan ein heller vere sosial i "campen" når ein vil ha selskap
×
×
  • Opprett ny...