Gå til innhold

Islandstur mai 2011


Helgev

Anbefalte innlegg

For litt over ei veke sidan kom eg igjen frå min første tur til Island. Det skulle eigentleg vere ein familietur frå søndag til onsdag, men eg reiste bort til Reykjavik på fredagen. Fekk booka meg fiske i ei elv ikkje så langt frå Reykjavik på laurdagen og søndagen. Etter tips bl.a. her inne på forumet, så leigde eg guide den eine dagen. Elva er relativt lang, fiskestrekk på ca 11 km, så ein guide var sikkert ikkje så dumt:) Lufttemperaturen var ca 12-15 grader, og sola var også framme ein stort sett heile dagen. Alt låg til rette for 2 fine dagar i elva. Dei dagane eg fiska var det kun ein annan fiskar i elva, så det var ikkje akkurat trangt om plassen.

http:

Elva er ganske liten, og relativ grei å fiske så lenge vinden er på di side. Innimellom var det ekstrem vind, og nærmast umuleg å kaste. Glad for ata eg tok med meg ei 7`ar stang i tillegg til femmarstanga. Det var oppstraums nymfefiske med nappindikator som var mest effektivt her. Fiska med 3 nymfer, og fortom på 0,25! "Here`s big fish and you don`t won`t to break the leader", sa guiden. Hmm, var litt skeptisk til dette, men valde å stole på han.

På grunn av straumen i elva, samt den sterke vinden, var det relativt vanskeleg å registrere nappa. Etter 3-4 timars fiske vart det endeleg motstand i snøret. Denne kjendest stor ut! Den rasa avgårde, og etter ein fight på ca 5 minuttar var den klar for håven trudde eg. Men den håven eg hadde med var altfor liten til å få den oppi. Dette problemet hadde eg aldri hatt tidlegare :oKlarte omsider å få å den inn på ei grunne, og fekk tak i sporen på den. Og for ein fisk! Ca 3,5 kilo. Der og då var eg Islands lykkelegast mann! No kunne eg berre kose meg resten av turen. Turen var så absolutt fullkommen.

http:

Flugene som var mest effektive:

[/img]

Den første dagen enda med 2 fisk, ein brunaure og ein sjøaure. Det var lite sjøaure igjen i elva på denne tida. Dei fleste hadde reist til havs. På sundagen var veret svært varierande, og etter lunsj var vinden heilt ekstrem, min 15 meter pr/sekund, så det blei ikkje så mykje fisking den ettermiddagen. Litt kasting med streamer blei forsøkt, men uten resultat. Formiddagsfisket resulterte i ein smellfeit aure på 60 cm!

Turen var heilt fantastisk, og eg reiser tilbake forhåpentlegvis ganske snart.

Helge

(amatør på bilderedigering)

post-1212-13949887724076_thumb.jpg

post-1212-13949887724448_thumb.jpg

post-1212-13949887724819_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takker :) Ja, der var det faktisk like bra som på film! Må tilbake dit, det er heilt sikkert! Satsar på ny tur til sommaren eller hausten.. Får skaffe meg filmen din Andre i mellomtiden, som oppladning ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

×
×
  • Opprett ny...