Helgev Skrevet 16. mai 2011 Rapporter Del Skrevet 16. mai 2011 For litt over ei veke sidan kom eg igjen frå min første tur til Island. Det skulle eigentleg vere ein familietur frå søndag til onsdag, men eg reiste bort til Reykjavik på fredagen. Fekk booka meg fiske i ei elv ikkje så langt frå Reykjavik på laurdagen og søndagen. Etter tips bl.a. her inne på forumet, så leigde eg guide den eine dagen. Elva er relativt lang, fiskestrekk på ca 11 km, så ein guide var sikkert ikkje så dumt:) Lufttemperaturen var ca 12-15 grader, og sola var også framme ein stort sett heile dagen. Alt låg til rette for 2 fine dagar i elva. Dei dagane eg fiska var det kun ein annan fiskar i elva, så det var ikkje akkurat trangt om plassen. Elva er ganske liten, og relativ grei å fiske så lenge vinden er på di side. Innimellom var det ekstrem vind, og nærmast umuleg å kaste. Glad for ata eg tok med meg ei 7`ar stang i tillegg til femmarstanga. Det var oppstraums nymfefiske med nappindikator som var mest effektivt her. Fiska med 3 nymfer, og fortom på 0,25! "Here`s big fish and you don`t won`t to break the leader", sa guiden. Hmm, var litt skeptisk til dette, men valde å stole på han. På grunn av straumen i elva, samt den sterke vinden, var det relativt vanskeleg å registrere nappa. Etter 3-4 timars fiske vart det endeleg motstand i snøret. Denne kjendest stor ut! Den rasa avgårde, og etter ein fight på ca 5 minuttar var den klar for håven trudde eg. Men den håven eg hadde med var altfor liten til å få den oppi. Dette problemet hadde eg aldri hatt tidlegare :oKlarte omsider å få å den inn på ei grunne, og fekk tak i sporen på den. Og for ein fisk! Ca 3,5 kilo. Der og då var eg Islands lykkelegast mann! No kunne eg berre kose meg resten av turen. Turen var så absolutt fullkommen. Flugene som var mest effektive: [/img] Den første dagen enda med 2 fisk, ein brunaure og ein sjøaure. Det var lite sjøaure igjen i elva på denne tida. Dei fleste hadde reist til havs. På sundagen var veret svært varierande, og etter lunsj var vinden heilt ekstrem, min 15 meter pr/sekund, så det blei ikkje så mykje fisking den ettermiddagen. Litt kasting med streamer blei forsøkt, men uten resultat. Formiddagsfisket resulterte i ein smellfeit aure på 60 cm! Turen var heilt fantastisk, og eg reiser tilbake forhåpentlegvis ganske snart. Helge (amatør på bilderedigering) Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Dry-fly snob Skrevet 17. mai 2011 Rapporter Del Skrevet 17. mai 2011 Flott rapport med fine bilder til!! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Helgev Skrevet 18. mai 2011 Forfatter Rapporter Del Skrevet 18. mai 2011 Takk for det! Tur til Island kan absolutt anbefalast Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Dry-fly snob Skrevet 18. mai 2011 Rapporter Del Skrevet 18. mai 2011 Ja dit skal man en vakker dag. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
rt Skrevet 25. mai 2011 Rapporter Del Skrevet 25. mai 2011 JA ALEREDE NESTE ÅR Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Dry-fly snob Skrevet 25. mai 2011 Rapporter Del Skrevet 25. mai 2011 Ja, får ta Karasjohka iår. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Fly-Fish Skrevet 25. mai 2011 Rapporter Del Skrevet 25. mai 2011 En kan lett bli lykkelig på Island Flott rapport og gratulere med fiskene... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
André_Brµn Skrevet 25. mai 2011 Rapporter Del Skrevet 25. mai 2011 Nydelig ørret, Helge Island er kongebra. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Helgev Skrevet 27. mai 2011 Forfatter Rapporter Del Skrevet 27. mai 2011 Takker Ja, der var det faktisk like bra som på film! Må tilbake dit, det er heilt sikkert! Satsar på ny tur til sommaren eller hausten.. Får skaffe meg filmen din Andre i mellomtiden, som oppladning Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg