Gå til innhold

Gytebekk


eriken

Anbefalte innlegg

Hei!

Lurte på hvem man snakker med, for å få sjekka hvordan vannet er ,og om det er liv i ein gytebekk.

Har en bekk der eg vokste opp, som har hatt ett ganske tøft liv p.g.a lokale bønder, som har dumpa forskjellig i bekken oppover tia.

Tingen er at alle desse bøndene har nå lagt ned virksomheten, så nå skulle eg tro det var håp for bekken.

Men skulle hatt noen proffe til å sett hva som må gjøres, og lage en slags plan for videre arbeid rundt og i bekken.

På tidlig 80-talet stod vi å fanga ørret med hendene i denne bekken, så kom utslippa......

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

hei,

er det sjøaure her eller vanleg aure?

Ein svært enkel måte å finne ut om det er liv i bekken er å gå ein tur oppover langs bekken og "skremme" fram noko liv. Dersom vasstemp på vinterstid er låg vil nok fisken enten ligg i skjul eller vandre ut i vatnet der det er varmare. Dersom det er gytebekk bør det vera mogleg å finne gytegroper, desse er typisk av middagstalerken str og ligg i område med grus og sand, kan gjenkjennast ved at dei er lysare og "opprota".

Du kan imidlertid snu på litt steinar oppover bekken for å sjå om det er noko insektliv. Dersom du finn døgnflåge eller steinflågenymfer så er dette eit sikkert teikn på at vasskvaliteten er bra, ettersom desse artane er lite tolerante ovanfor forureining. Evt så tek du ein liten håv og rotar litt med støvlar oppstraums for håven, effektiv måte å finne ut kva insekt som lev her.

For ein forvaltningsplan så kan du ta kontakt med fylkesmannen eller du tek kontakt med den lokale jeger og fisk, evt så lagar du ein eigen forening. Å tilrettelegge ein gytebekk er ikkje hokuspokus men det er greit å ha god kontakt med noko fagmiljø. Eg har hatt god dialog med fylkesmannen sin miljøvernavd. der dei er like interessert i å ordne gytebekker som eg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

×
×
  • Opprett ny...