Gå til innhold

Fjellfiskar

Members
  • Innlegg

    369
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Fjellfiskar

  1. Hei Torben! For ein strålande rapport!! :) dette var solid og spennande!!
  2. Stengar er alltid moro! Nordisk Fiskeutstyr har også canestenger som ein kan prøvekaste og få bestille. Sjølv trur eg etterkvart det handlar om å finne noko som passar for seg sjølv. Eg har fått ein ny ZXL(486) frå Sage , ei nydeleg stong som er god å fiske med. Ikkje ulik føregangaren SLT som er av mine favoritt stenger. Har nokon tilfeldigvis ein gamal sage SPL - 282 liggande og støve ned??
  3. Leser for tida " Travelling Angler" av Ernest Sweibert. Engelsk tekst, men reiseskildringar frå heile verda. :)Står mykje bra om Sør Amerika.
  4. Kvenna er ein opplevelse og padle! Du bør ha ein allykano då dei toler ein del stryk, og fleksar fint i uroleg vatn. Dei store sjøane som holmavatn, kvennsjøen og briskevatn kan vera brutale i vind, men ein nytelse når dei ligg blikk. hald deg nær land for sikkerhetens skyld. ved å feste lange tau framme og bak på kanoen kan to personar fint styre kanoen ned dei stryka duikkje vil padle. Du unngår ein del bering med dette . køyr mot Røldal, og ta av mot valldal. Der startar turen med ei etappe oppover mot Holmavatn. her må du bere alt utstyr, så ta deg god tid. men når du er klar til å padle, er strevet gløymt. då ligg det ein fin tur framfor deg. er du heldig med forholda, er det ein draum for ein flugefiskar. ved sandhyl endar reisa i kano. her må du gå iland på venstre side av elva og finne stien som går til Mogen. der ventar kald pils og god middag som ei gulrot. bør prøvast!! god tur!!
  5. Skal du kjøre østerdalen eller gudbrandsdalen ville eg tatt ein stopp i Folla, i Folldal. Her er det nydlege fiskemogleghetar og fin natur for fruen til fotografering.
  6. Mogen er eit bra alternativ! du tek båten "fjellvåken" inn møsvatn, og så kan du ligge på fjellstova eller i telt. Stor fisk ved utløpet av kvenna, og så ville eg tatt dagturar oppover Kvenna. Flott natur og mange lure fiskeplassar.
  7. Gratulere med ny film gutar!! Tok den lange turen frå fjellet i gårkveld for å sjå premieren på ørretbums 4. For dei som vil sjå grisestor aure i eit "sjuko" miljø bør de ta ein kikk på dette.
  8. God tur Marius, og takk for sist!! Fine dagar i patagonia. Lykke til med sjøauren!
  9. Mykje bra her!! Desse gutane har eit bra konsept!
  10. Øystein sine bilete er utan tvil dei beste fiskerelaterte bileta, sjølv om eg lika bikkja til andre. Såg heimesida di Øystein, og der var det mykje vakkert....
  11. Hei Gaute!! Bra at du gledar deg. Du kan nok spare den utgiftsposten til neste jolehandel! Grunna hardt arbeidspress hjå gjengen kjem ikkje filmen før neste haust. Då bør du absolutt tenke jolegåve frå deg til deg.....
  12. Strålande rap frå Montana joacim! Er med på å lyse opp den lange ventetida! Den virkar uendeleg på denne tida...
  13. Filmen er truleg i salg i desember - 2008!!
  14. Hei Martin!! Du har fått mange gode tips! . Eg vill også hatt med Elk hair caddis med svart kropp. Ei stong i# 5 er tilstrekkeleg, og ta for guds skyld med ei reserve stong M snelle. Det kan bli langt å gå attende om favorittstonga di knekk.
×
×
  • Opprett ny...