Gå til innhold

flygefisk

Members
  • Innlegg

    105
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av flygefisk

  1. Selv om Krogvold meiner dette, så har eg ikkje same erfaringa. Eg oppbevarer mine senespoler i eit mørkt skap. Kjøper alltid 600 meterspoler til haspelsnellene mine og bruker dei litt etter litt. Har ikkje merka at dei plutseleg råtner på eittårsdagen. Noko anna er den sena som blir ståande i solsteiken på ei haspelsnelle gjennom mange fiskedøgn, utforbi ei campingvogn osv. Fortomsene som ikkje ligg mørkt og tørt bruker eg til eg evt skulle merke at dei ryk litt i lettaste laget. Er meir obs på sene under 0,20 til auren/sjøauren og sene under 0,30 til laksen... Som regel vil du merke det på at sena ryk lett når du lager knuter...
  2. Lurte meg ein kubbe på 700 gram i dag. Sirevåg. Tangloppe, lang fortom og korte inntrekk med laaaange pausar. Hadde før den smalt på vore innom kvit Jiggy, flashreke, Teppesild, Pattegris og Jiggy Rosa. Eit par gonger hadde eg følgefisk. Med loppa beit det først ein liten som datt av og så kom den eg fekk på neste kastet. Så var det middagstid... Magen var eit lite koldtbord: To svære børstemarkar (12 cm) oliven og kvite, ein glassål, stingsild, kutling, tanglopper, småreker og udefinerbar gugge... Ein opportunist! Digg når det klaffer til slutt etter ein times fiske med ulike løysningar.
  3. Vakna til liv i Rogaland. Hadde ein følgefisk på ca 1,5 som hadde jiggyen min i kjeften fem gonger på rad utan at eg kjende han i stonga. Speilblank. Mistenker vinga for å vera litt for lang. Eg også spytter ut det meste av mat når eg får hår langt ned i halsholet... Jiggy er for meg ei fantastisk flue til å lokke fram fisk. Men det blir ofte bare snusing og napping i vinga. Kva er passe lengde på Jiggy? eg har fort vinge på 2,5-3 gonger kroklengde på dei som lokker fram mest fisk. Har bunde nokre kortare varianter. Men desse har ikkje lokka fram like mykje fisk. Nokon som har tips? Lei av følgefiskar...
  4. Må vera noko for dei som driv med meite. Makabert agn, med kraftig luktspor...
  5. Ser av svara at spørsmålet mitt kanskje er det minst viktige for å lukkast på stille vatn. Men grunnen til at eg spurte er at eg må binde opp ein del tørrfluer for å vera rusta til å møte ulike klekkingar osv. Difor prøvde eg med dette temaet for å unngå å bruke tid på fluer eg ikkje treng... Syns eg har fått gode svar! Kjem til å gå for bustefluer med cdc osv i hovedsak og ha nokre få alternativ med parachute og no hackle cdc variantar. Elles fisker eg ikkje kun tørt, eg bruker andre teknikker også. Men nå var det tørrfluer eg tenkte på. Burde nok ha uttrykt dette tydeligare... Virker logisk at det krever meir korrekte detaljer under vatn. Har ikkje tenkt så nøye på dette, så det tek eg med meg. Har slukt det meste eg finn her inne av relevant informasjon. Har lest artiklane til Stokkebekk med stor interesse. Tek gjerne i mot meir... Er det andre viktige faktorar man må ta hensyn til for å lukkast på stille vatn? Ofte syns eg det vanskeligaste er å kome seg i posisjon uten å øydelegge moroa før den har begynt. Enten det er på land eller frå bellyboat... Rodswinger: Eg fisker i eit myrvatn med skog rundt. Ikkje overbefolka vatn, fisk opp til kiloen. I Rogaland...
  6. Ein liten ting til flyalf: svaret mitt var ikkje ironisk. Eg syns svaret ditt var godt! Tråden er tross alt eit ja/nei spørsmål... At eg er så dristig at eg ber deg begrunne er fordi du har posta veldig mykje fornuftig i andre tråder... F.eks om sjøaure i troms på fluefiske.net. Budde i tromsø frå 2002- 2003. Det virker som at ikkje gjer ting fordi du alltid har gjort det sånn, men fordi du har ein god grunn! Nå håper eg ikkje at alle andre tar dette ille opp og i verste meining. Eg har berre ikkje merka meg nicka deres endå:-). Claus: du har nok heilt rett, eg lager ting for komplisert:-). Men det er spennende å filosofere over slikt.
  7. Takk for at du seier direkte i frå Stian. Ser at eg blir for ivrig i jakten på kunnskap. Men det skyldes min manglande sosiale IQ:-), er edru som alltid. Om det er noko bestemt setning, det eg skriv/ikkje skriv eller måten eg formulerer meg så gje gjerne eg tilbakemelding på dette. Eg veit at eg må jobbe med meg sjølv når det gjeld å tenke over korleis dei som mottar budskapet eg kommuniserer opplever dette. Er ikkje meininga å vera frekk eller noko slikt... Beklager om nokon føler seg tråkka på. Ikkje meininga å vera nedlatende på noko vis. Håper me kan gløyme uheldige formuleringar osv. Nok ei påminning om at det kan vera greit å lese det ein skriv tre gonger før man poster. Men var for ivrig opptatt med å lese andre tråder her inne... Ørreten: beklager om eg virka lite takknemlig for svaret ditt. Takk for at du tok deg tid til å svare. Det setter eg pris på uansett om eg ikkje fekk svar på det eg meinte å spør om. Formulerte meg for uklart. Når eg ikkje får svaret eg er på jakt etter, ja så er spørsmålet for dårlig... Var difor eg prøvde å omformulere spørmålet mitt tydeligare i etterkant. Det er eg som dum, som ikkje formulerer meg tydelig nok. Flyalf: eg digger enkle fluemønster. Ikkje meininga å seia noko negativt om desse. Har liggjande ein genial krillimitasjon frå ein sjøaurefluering. Eg sparer den til ein vrien fisk! Tipper alle som har svara her inne har meir erfaring og kunnskap om emnet enn meg, men eg er ein håplaus grublar som gjerne snur og vender på ting eg les. Difor var eg også dum nok til å grave vidare etter svar... Konklusjonen min ut frå dette er at eg like godt kan fortsette med å binde opp ein haug med såkalte bustefluer til marginata og vespertinaklekkingane begynner...
  8. Bra svar Flyalf. Vil du begrunne? Har det med den berømte trua å gjera? Slik eg kjenner deg frå andre diskusjoner er logikken ofte at det enkle ER det beste! Liker den tankegangen. Rekner med at det er andre her inne som er uenige med deg... Hadde vore kult med ei sakleg meiningsutveksling!
  9. Trudde det kom klart fram i første innlegg at problemstillinga gjeld når eg kun skal fiske tørt etter vakende fisk. Om det er på vestlandet eller østlandet betyr ikkje så mykje. Heller ikkje om det er fjellvatn, skogsvatn eller klarvannsjø. Kort og godt er spørsmålet om behovet for detaljer på flua auker når du fisker i stillestående vatn? Om dette er tilfellet er kanskje ikkje typiske ruskefluer som er beskrevne her inne like effektive i stillestående vatn som i elver. Det er erfaringer rundt forskjellen på stillestående vatn og rennande vatn jakter på? Har dette betydning for kor detaljrikt mønsteret må vera eller ikkje? Spør ikkje etter mønster, dei er det nok av på denne sida Mi erfaring er at fisken er lettare å lure i elv...
  10. Takk for svar, men du svarer ikkje på spørsmålet... Du snakker rundt det Kan gjerne snevre inn spørsmålet endå tygeligare: Kva betydning har forskjellen på fiske i elv og vatn for kva fluer som er effektive til dead drift fiske? Grunnen til at eg spør er at ut i frå min logikk så har auren i elv nokre få sekund å bestemme seg på, medan auren i vatn teoretisk sett kan sirkle meir rundt og vurdere før den går til angrep... Dette bør ha betydning for detaljnivå på flua? Eller? Rekner med det er nokre kloke entusiaster som kan svare godt på den problemstillinga. PS! Er nok meir erfaren enn første innlegg gjer uttrykk for, kjenner godt til dei ulike insekta og syklusen deira. Bruker gjerne alternative teknikker, men no er det eg er på jakt etter fakta om fluevalg ved dead drift tørrfluefiske. Spørsmålet går på korleis me skal imitere dei mest effektivt... Når eg har rett flue på snøret, så skal eg vera mann til å fiske den rett med god variasjon...
  11. Funker f.eks. bustefluene og andre fluer som først og fremst spiller på avtrykket til insektet det imiterer like godt i stille vann som i elv? Har ikkje så lang erfaring med imitasjonsfiske. Når marginataen og vespertina klekker i skogstjern osv. kva imitasjoner er mest egnet? Må det helst vera imitasjoner som er meir lik insektet det imiterer enn ei busteflue. Eller funker f.eks. niccos busteklekker også godt i skogstjern?
  12. Kjøp ei stang til over fem tusen og med livstidsgaranti, så blir alle kasteteknikker ein lek etterpå!
  13. Sikkert greit nok for å teste, men vil vera betre å skøyte dei med to løkker. Glir betre...
  14. Burde gå heilt fint. Om du har plass på snella, kan du også snu wf lina baklengs. Så slepp du å kappe den i to... Når du fisker med klump vil det uansett bli vanskeleg å fiske med meir enn klumpen og litt skyteline ute. Det merker du fort... Einaste minus for kastinga er at skytelina ikkje blir lang nok om du er ein dyktig kaster
  15. Når fisker du neste gong? Muligt at eg får det til denne veka...
  16. Ser ut som eg berre må innstille meg på å ta turen til høgsfjorden om eg skal fiske noko sjøaure på heimlege trakter. Blir litt for langt mellom kvar på sørjæren... Har ikkje tenkt så nøye på at Espedalselva, Frafjord og Dirdal renn inn i same fjord. Ein time til Høle. Plutseleg var det interessant. Klar for å vise litt rundt Christoffer?
  17. Trur eg ser garna utan bål . Har dradd opp dei eg er funne så langt i karriæren. Kjem til å halde fram med det... Er det teikn til meir liv ytterst i nordasundet? Håper at småreker og slikt trekker opp i fjøra snart og sjøauren dreg på jakt!
  18. Då tolka eg i det minste bevegelsesmønsteret til båtfolket rett Prøvde igjen i dag på ein lureplass som har gitt meg fleire kilosfiskar. Brakkvannspoll med ein liten bekk opp til eit vatn. Men dei siste to åra har eg gått fiskelaus derifrå kvar gong. Er redd garnfiske hår øydelagt denne sårbare biotopen... Kjipt! Var alltid bankers frå januar til april....
  19. Flott plass. Stress å gå dit... 3 grader i vatnet. Mange båtar som dorga forbi langs land. Dei såg heller ikkje ut til å få noko. Hadde ein følgefisk som drog godt i vinga på ein rosa Jiggy... Fin tur i fint vær! Gleder meg til vanntemperaturen stig eit par grader og det blir meir liv i strandkanten!
  20. Stikker ut ein tur i dag. Dreg til Hellvik, går over til nordasundet. Nokon som vil henga seg på? Stikk ut ca 13.00
  21. Jepp. Var nettopp tilgjengeleg på youtube men blir nok fjerna av rettighetshensyn. Tacklinga er jo kun klønete og overivrig. At skaden blei som den blei, er først og fremst pga latterlige leggbeskyttere og skarpe skruknotter. Greit nok var foten litt høg, men sånt skjer... Har sett styggare tacklingar...
  22. Det er det som er problemet i Rogaland:-). Sjøauren blir vanligvis ikkje så stor. Betre i Troms og Sogn og Fjordane. Men må vel bare akseptere at borte er bedre enn hjemme... Går på med friskt mot i helga. Vurdere å gå over frå Hellvik. Irriterande mykje krattskog der. Fins det god sti?
  23. Har vel zooma inn på det meste av kyststripa mellom Hårr i nord og Eigerøya i sør mangfoldige gonger... Plassane ut mot havet er fine, men har ikkje gitt meg noko stor fisk. Har ikkje sett noko særlig heller. Er det øyene du når frå båt, eller svinger du rundt kysten inn mot Eigersund for å koma til dei beste plassane?
  24. Hadde vore kjekt med litt statusrapport. Har ein kompis som fisker med sluk han får fisken langt ute... Etter mi erfaring er blindfiske med sluk mange gonger meir effektivt etter SØ. Du vaser mindre og dekker eit mykje større område på kortare tid. Går også kjappare å variere dybde. Bruker det difor av og til som eit verktøy til å bli kjend på nye stadar. MEN: ingenting er kjekkare enn å fiske på jagande sjøaure som er innan rekkevidde med fluestang. Difor går eg ofte rundt og vasar med fluestang langs jærstrendene, dreven av håpet om å ein dag treffe ein stim stor, feit sølvblank fisk som beiter tanglopper i fjøresteinane:-).
  25. Ser fram til at boka kjem! Torgeir var ein stor ressurs på SØ fiske. Har lært masse ved å lese trådene der han skreiv.
×
×
  • Opprett ny...