Gå til innhold

flygefisk

Members
  • Innlegg

    105
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av flygefisk

  1. Fisker dei som har fått fisk på Hellvik med flue frå land? Eller er det sluk? Har som sagt ein mistanke om at SØ held seg litt for djupt no. Mulig at eg har satsa på feil plassar.
  2. Mulig at det er aktuelt å henge seg på ein gong. Men det må i så fall bli i helga eller seinare på våren... Tek for lang tid å ruse inn bersagel i vekene. Er eigentleg overraska over kor lite fisk som syner seg dei stadene eg har vore i strøket (Det er mange). Men det er kanskje sånn det vil vera når eg fisker ved åpent hav på jæren... Held meg litt bort frå dei brakkaste områda, blir så mykje støingar. Mi erfaring frå nord-norge, nord-vestlandet og oslofjorden er at når fisken viser seg og er aktiv er den grei å få. Ellers er søen vanskelig. Då må du finne dei små områda den står i. Har hatt nokre sånne område som leverte godt, men ikkje dei siste to åra. Mulig det er pga kalde vintrar... Når det vert varmare satser eg på at det losnar! Strategien er enkel: Spring deg i hel. Prøv flest mulig stader... Gjerne marbakker som eg når med fluestanga. Bruker mest rekeimitasjonar, men også f.eks. jiggi når det vert varmare og SØen tåler litt meir fart. Varierer mykje. Så trur ikkje eg fiskar så alt for feil. Men finn ein ikkje fisken på denne tida, så kan ein like godt sjå på fotball i helgene...
  3. Trur neppe eg fisker feil. Men populasjonen av SØ har muligens gått litt ned, eller så er den mindre aktiv langs land nå når det er såpass kaldt. Godt mulig dei står i djupare, og varmare vatn. Så du har fått masse SØ i det siste zeiter? Noko sidan 18. desember frå land?
  4. Blei ein kort tur på Hellvik i dag på floa. Måtte bare ut ein tur sjølv om eg ikkje hadde trua. Null fisk. Må finne nye jaktmarker... Rogaland er ein drittplass når det gjeld sjøaure!
  5. Kort tur i heftig, kald vind i dag resulterte i ingenting. Er nok litt tidlig for sjøauren på jærkysten endå. Gjeldfisken har muligens trukke mot litt mindre salt vatn, og gytefisken har kanskje ikkje sluppe seg ut til sjøs endå? Neste gong får eg prøve meg på Hellvik eller noko...
  6. Noen som skal fiske i Egersund/Hellvik traktene i morgon. Vurderer tur, men får fiska over større område om vi er fleire...
  7. Var også ein kort tur i det fascinerande veret i dag. Kastevind frå alle kantar og bølger som slo fem-seks meter opp i lufta frå svaberga er mektig... Stod inne i eit litt lunare sund og fekk pressa ut nokre vellukka kast. Der det normalt er jamn fin straum over fin leopardbotn, var det i dag så varierande straumforhold at snøret ofte låg merkelege buar. Nokon gonger gjekk det innover på midten og utover på kantane andre gonger motsatt. Vatnet steig og sokk med ca ein meter. Fann ein sånn passe trygg stein å stå på. Sklei bare ein gong med glatte aquastelth sålar, men eg fann fotfeste fort nok... Fisk? Niks. Det får me få på ein finare dag. Uveret var underholdning nok. God kastetrening med sekserstanga også. Kven treng kraftig utstyr pga vinden på Jæren? Fekk prøvd medvind, motvind og sidevind i løpet av eit kast... Gjekk langt nok for det! Fisk elle ikkje: Sesongen er uansett sparka i gang for min del!
  8. Tell antall hus på Kvitsøy på norgeibilder. Om 10% av dei fisker ofte med stang og 10% fisker SØ. Kor stor er då sjansen for å få lokalkunnskap? Du får prøve og så rapportere :-\ Ikkje for å vera spydig, men for å vera realistisk!
  9. Då kom det i det minste noko godt ut av den bilturen til Nydalen Fått solgt stanga?
  10. Ein fordel med intermediate snøret slik eg ser det er at det ikkje lager noko striping anna enn når det lander. Er ofte blikkstilt her eg fisker. Innbiller meg at bølgene frå eit flytesnøre er negativt då. Blir SØ skeptisk biter den ikkje... Kan gjerne vake vidare, men du får den ikkje. Gå gjerne ned i snøreklassane også om du har anledning til dette og samtidig kaste langt nok. Ein anna ting som er kul å prøve i mørket er Magic Head som gjer fluene livlige, og flytter masse vatn. Desse kan du tre på fortommen og dra ned over krokauget etter at du har festa flua.
  11. Er dei fortynga på rett måte? (kva det no er?). Men fortynginga har mykje å seie for bevegelsen i vatnet. Det du seier med ulike inntrekk tyder jo på at bevegelsen er minst like viktig som form osv. Fortynga flue og lang utapert tynn fortom (herk å kaste med) gjer meir opp og ned gange. Tjukk fortom og lite fortynging meir svevande... Kva med å prøve ei flytande celleplastflue og synkesnøre? Ikkje veit eg. Kult med kodeknekking! MEN: Eg ville fortsatt ha prøvd ei sjokkflue av ein eller anna sort. Ei såpass stor at det enten vert ein konkurrent som må jagast bort frå matfatet, eller ein gigantisk matbit som ikkje kan passere i live...
  12. Noko anna enn sandlopper? Kjøp små sjølvlysande perler og sleng på fortommen over flua. Lad dei opp med lommelykt. Så finner fisken lettare fram til flua... Dette kan evt hjelpe inntil du har fått spesialdesigna nye sjølvlysande lopper. Er det veldig grunt kan du vurderer flytande polyleader for å unngå å gå i bånn. Du får finare "snørespiss" på den måten. Om det trengs kan innerste delen av fortommen vera multifilament, då dette flyt... Har ikkje hatt behov for dette i praksis, men har spekulert litt på det. Trur det kan funke når den beiter langs land.
  13. Sjøaurane eg får for tida har nesten utelukkande små kvite reker i magen. Men likevel er det denne med 7-8 cm lang vinge som er sorten. http://fiskersiden.no/index.php/fluebinding-mainmenu-27/sjetfluer-sfs-mainmenu-70/437-duddlerTil og med dei minste SØ går bananas på denne... Merkeleg i grunn, men ok for meg! Av ein eller anna grunn funker det særs godt med intermediate snøre... Ulike inntrekk gjer resultat. Gidder ikkje å kave med det der sandloppefisket i mørkna. Bruker heller store fluer som sjøauren garantert må sjå eller høyre! Han lar ikkje slikt gå forbi seg uansett om den er aldri så opptatt med å rote etter sandlopper i marbakken...
  14. Nettopp komen inn etter ei ny økt i fjorden. Fekk tre sø som vart returnert pga størrelsen. Tok med to heim ein på 650 gram og ein på 900 gram. Fyttigrisen så feite den største var! Lurte ei lita stund på om han var under minstemålet . Mista to ein av dei var på same storleik som den største. Hadde mange napp og små drag i flua. I dag var alle fisk som vaka innan rekkevidde borti flua i større eller mindre grad . Liker muddleren min godt! Forøvrig så var mageinnholdet på den søen eg tok med heim her om dagen kun små kvite reker i str. 10-12. Merkeleg at den blir så feit av dette!
  15. Har hatt god erfaring med STORE svarte muddlere i det siste. Dei største er rundt 8 cm lange. Har fiska dei med intermediate snøre. Fått tre FEITE 700 gramsere, og hatt mykje følgefisk. Mykje fisk langs land på natta i Førdefjorden! Einaste ulempen er at dei beste plassane der det er mest liv er utilgjengelege med fluestang frå land...
  16. Er det nokre her inne som har testa denne serien til diverse vannkast i elv? Tenker då spesielt på spey og snakerolleigenskapar...
  17. Lurer på nokre ting: Har du testa alpakkaen som vinge i større fluer. Har gjort det sjølv, men krever kroppshackle. Blir kanskje litt for mjukt. Aner du korleis alpakkaen er i ulla. Har parti av skinnet mitt som funker fint som vinge (rette og fine har), mens andre blir litt bølgete. Kva er normalen? Har som sagt han kompisen. Trur eg kunne fått han til å håndplukke skinn Prisane du opererer med, er det for ein mixpakke med 14 ulike fargar? Då vil eg gjerne kjøpe ein. Korleis ordnes slikt? Kva er det geniale med alpakka bortsett frå mjuke hår? Er det luftfylt som lamaen? Når du seier porøst, meiner du sprøtt og skjørt eller luftfylt og flytande slik som isopor? Elles så er alpakkaull genialt i pulsvanter til fiske. Fryser aldri på fisketur! Kjøpte tre par i Peru
  18. Er alpakka bra som dubbing? Har ein kompis i Bolivia som kan fikse for meg... Har eit skinn liggjande på loftet også. Får herpe det Kva er det som er spesielt med alpakkadubbingen? Nokre fargar skinn som er å foretrekke? Farger du dei?
  19. Fyll litt vatn i bånn av den, så er det enda betre... Sklir betre gjennom ringane i fuktig tilstand. Elles er det også ein fordel at monoskytelina eg bruker, Amnesia, er litt vasstrukken. Då blir den mjukare og lager mindre krøll... Ellers er det berre å seie at den frå linekurv.dk funker meir enn godt nok for meg. Har den aldri stramt på, så beltet er greit det. Lar den henge å slenge sånn passe langt nede.
  20. Bulandet i Sogn og Fjordane? Har vore der ute ein del gonger. Hatt fluestanga med. Men alltid funne ein unnskyldning for å droppe gutsing etter lyren. Har vel høyrt for mykje på lokale fiskarar som seier at dei ikkje får lyren nær land. Må prøve skikkelig neste gong! Tar med synk 7 klumpen og nokre gigantiske fluer.... Kva bru/område er best?
  21. www.linekurv.dk Nydelig pris og god bøtte
  22. Evt flyt snøre med tangloppe som opphenger, og muddler eller bomber som flottør/endeflue. Då får du flua til å fiske høgt nok i vatnet...
  23. http://fluefiskesiden.no/forum/index.php?action=dlattach;topic=2908.0;attach=19089 Likte den rosa reka til Mads. Har du mønster å dele? Kva slags dubbing har du brukt for å få det fine rosaskjæret...
×
×
  • Opprett ny...