Gå til innhold

lakselorden

Members
  • Innlegg

    20
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av lakselorden

  1. Det går vel i syklar. Godt produkt gir godt salg gir grådigheit gir dårlig produkt, framleis godt salg, men deretter dårleg salg og dårleg produkt som gjev dårleg salg og betra produkt som gir bedre salg med bedre produkt som til slutt fører Sage opp att som leiande på både kvalitet og sal.
  2. Supert! Då møter eg nok opp ein gong.
  3. Ingen med erfaringer, tydeligvis. Du må sikkert søke litt på nettet (USA primært). Uansett er det ok med livstidsgaranti på ei stang til snaut 850 kroner. Det som er litt dumt med echo i Noreg er kanskje at det er eit lite merke her. Då vert det sårbart for nedlegging av til dømes keilir, og så må ein sende stanga til USA for reparasjonar. Då vert det vel fort relativt sett dyrt med norsk porto.
  4. Heisann. Kvar finn eg slike som likar å kose seg med å kaste langt her i byen? hadde vore kjekt å bryne seg litt mot nokon med same legning
  5. Tåler vel greit å miste eit garnsett med det industrifisket det verkar som vert drive her. Ei bot på 10 000 er vel også fort betalt med ein god stim havabbor? Æsj!
  6. Kvifor kan ikkje politiet gjere noko? Dette er grov miljøkriminalitet. Her har vi ein ting som er mykje bedre i USA iallfall. Der vert til dømes båt og utstyr inndrege viss ein ikkje har fiskekort for aktuell stat eller tek meir fisk enn kvota. Flaut korleis dette vert sett på her til lands...
  7. Dei som tykkjer det er ekkelt veit vel om det før dei set i gong. Dette var eit glimrande tips, og sms er alt sendt til ein som jaktar
  8. www.keilir.no Har mellom anna echo flugestenger, som får mykje skryt her og der. Har sjølv kjøpt tohands klasse 8 echo solo der, som eg ikkje har prøvd enno. Dei sel og ein del islandske fluger.
  9. Supert med eit forum der du står språkleg nokså fritt. Vert straks litt meir eksotisk og interessant!
  10. Eg kjøpte mitt i august i USA. Var sett ned til motsvarande 1450 norske for outdoor pakken. Tenkte då at ein trear var rett rundt hjørnet, men at eg kom til å verte meir enn happy nok med toaren.
  11. Eg spurte direkte etter TFO. Fekk til svar at det einaste som var igjen var nevnte stenger. Tolkar det slik at det ikkje er noko ytterlegare ekstraordinært.
  12. Fann ut sjølv. No er det førti 10 fots streamstix klasse 6 igjen. Dei går for 199,- for dei som måtte vere interessert :-)
  13. Nokon som veit om det er TFO eller anna interessant igjen. Ikkje så interessert i streamstix :-)
  14. Veldig bra tråd det der, Gary! Skal lesast nøye.
  15. Hm. Kanskje ikkje korte klumpar, nei. Tørrfluge er ikkje det eg har fiska mest med, men å skyte snøret under tørrflugefiske er vel ikkje så lurt. Likar air cel veldig godt eigentleg. Får ikkje nokon billig-følelse når eg brukar det.. Andre kandidatar med halvlange til lengre klumpar?
  16. "...vaer bare klar over at Windcutter ikke er noe saerlig god line i vind. Meget bra til vannkast, men ikke noe "allround" line IMO." Sitat frå tmags her på forumet. Stemmer det så er det ikkje lina til mitt bruk akkurat her. Men litt rart, med det navnet
  17. Heisann, Har akkurat kjøpt med fluvius regulær i klasse 5 primært til fjellfisket. Skal bruke eit air cel til det tørre når forholda er rolege, noko dei ofte ikkje er til fjells. Derfor lurer eg på om nokon kan hjelpe meg med snøre-alternativ til meir utfordrande dagar. Har sett på diverse 40+ snører frå airflo og extreme distance til SA. Er et andre gode snører som kan anbefalast? Reknar med det vert verre å presentere tørrfluga fint, men dette vert vel litt kamuflert av vinden, men eg vil uansett ikkje ha eit snøre som presenterer alt for stygt. Har dengt mykje etter sjøauren, så eg er fint i stand til å halde ein del snøre i lufta
  18. Takk for svar alle i hop. Litt irriterande at eg har andre hobbyar og no. Grrrr!
  19. Ja litt rart å sjå andre sneller i same prisklassa. Mykje skamlause kopiar ute og går på både same nivået og høgare prisa Takkar for svar!
  20. Føler hjartet har byrja dunke litt for flugefisket igjen, etter årevis på halvvegsen. Dermed har eg så smått byrja samle i hop litt oppdatert flugefiske flugebindingsutstyr. Faktisk har det vorte ein god del i det siste, så eg føler eg må akta meg lite så pengane ikkje fyk for fort or døra. Difor lurer eg på ein ting. Kor lenge kjem salet på Danielsson-snellene (utgåande går eg ut frå) til å vare? Har litt lyst til å ordne meg slik at eg etter kvart får samla meg både ein, to og kanskje tre ymse slike til ein grei slantnad.
×
×
  • Opprett ny...