Gå til innhold

flygefisk

Members
  • Innlegg

    105
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av flygefisk

  1. Pot Belly og Riffling har vore årets slagere. 8 dager igjen. Rekker kanskje 25?
  2. Har ikkje lang erfaring med rykking av fisk. Men dei få eg har rykka har ikkje vore så rolige som du beskriver. Har tatt ut opp og nedover i vill fart. Høyres ut som ein som sat laust langt framme i kjeven. Dei dunker ofte i botn og slenger med hovudet for å kvitte seg med framandelementet. To sekunds intervall tyder på stor fisk!
  3. Nå har det snart gått 8 timar utan at eg har fått svar! Trudde de visste og svarte på ALT...
  4. Korleis skal eg stille inn symaskina når eg skal sy meg nye vadere?
  5. Fekk svar via facebooksida deira i dag: "Hi sorry for the late response Only just seen this I've just found your customers form in our junk mail too This was sent out on the 22nd April We will resend Was the missing postcode guy I remember" Mulig eg får lim til slutt... Men eg trur det ikkje før postmannen kjem med den!
  6. Bestilte UV limen til Deer Creek i begynnelsen av april. Er nå drittlei av å vente. Først var det varetelling, så skreiv de visst feil adresse.... Siden skulle de sende på ny og etter det har eg ikkje høyrt noko frå dei pga ferieavvikling! Andre som har bestilt produkter frå Deer Creek og har liknande erfaring? Nokon som har fått produkt levert i det siste? Når det gjeld kvaliteten, har eg det frå andre. Eg har ikkje fått prøvd endå...
  7. Kappe tuppen på snører for å tåle store fluer er genialt. Fisker ofte lakse med seksersnøre. Store tunge tuber med cones er ingen problem etter at eg fjerna sånn ca ein god meter i spissen. Alt vendes over som ein lek. Bare ha litt tjukk buttdel på fortommen! Tipper du kunne triksa litt til på dette viset for å få meir vekt ute og i forhold til snørelengde! Så kjem det an på kor brutal presentasjon laksestrekket ditt tåler!
  8. Hæææ? Hvilke fakta er det du sikter til?
  9. Lars L: Eg har drukke vatn! Som eg skreiv og du kan lese ein gong til: "Tida vil vise om han kan bli like legendarisk som Shankley og Ferguson... I førsteomgang må me stabilisere oss som fast inventar i topp fire. Deretter får me sjå kva som skjer. I år var over all forventning, og det har skjedd uventa ting i serieinnspurten før. Ellers prøver me igjen neste år!" Eg meiner det som står der. Har utheva noko for å hjelpe i tolkinga . Har vel strengt tatt aldri sagt at han er eller nødvendigvis vil bli ein legende! Men han har gjort noko lurt i år tydeligvis. Det me har prestert i år gjer meg håp om å stabilisere oss i topp fire... Deretter får me sjå kva som skjer! Ellers er nivået her inne tydeligvis høgare enn evnen (eller viljen) din til å lese og Giggs den neste Guardiola
  10. For all del hold deg unna foreningen sine vald. Eg var innom ein gong for nokre år sidan og fiska valdet Sjøllandstraumen. Eg og han som hadde kjøpt det andre kortet hadde saman lagt ein god plan om å spare brekket til det var skikkeleg mørkt. Lite hjalp det når det i skumringa kom hoppande to lokale heltar som starta 30 m på nedsida av meg og piska over brekket med ein haug med unødvendige speykast og gjekk att. Hadde viss årskort via foreninga som gav dei retten til å fiske litt her og der. Kortselger bekrefta at dette var sant då eg nevnte det dagen etter... Sjølv om me prøvde vidare, var det nok eigentleg berre å parkere for natta i den fantastiske reclineren nokon hadde plassert strategisk ved elva! Har etterpå forhøyrt meg med diverse lokale som seier at du berre må rekne med å møte slikt på desse valda... Hadde vore greit nok å forholde seg til om det var ein viss fiskeskikk og bruk i praksis. Tenker spesielt på å i det minste starte ovanfor fiskar som allereie er i gang med å fiske seg over eit strekk! Men at det er ei flott elv og flott natur kan ingen nekte for.
  11. flygefisk

    UV lykt

    Sende mail i dag: Fekk som svar at dei skulle sende på ny med ein gong. Rekner med at det betyr at dei har oppdaga at dei har gløymt å sende i det heile... Men inntil vidare virkar Bug Off som eg fekk nylig greit med laseren min. Litt tyntflytande mtp Jiggy o.l. men det skal vel gå seg til.
  12. flygefisk

    UV lykt

    Dere som gav limen skulda hadde sjølvsagt rett. Med Bug Off herder det så det ryker... Nå venter eg bare på Deer Creek sin lim! Tek ein evighet å få noko derfrå tydeligvis...
  13. Nokre av dei beste, ikkje dei eller den beste. Agger er ein av dei beste ballspillende forsvarerene, ikkje den beste duellspelen. Men statistikken med han og Skrtel har saman er betre enn Sakho og Skrtel saman. Poenget mitt elles er at sjølv Koscielny, Kompany, Thiago Silva eller kven man nå måtte meine er best i verden ville slitt med å stoppe nokre av overgangane... Forsvare seg i undertal er aldri gunstig! Er ikkje bekymra for breidden neste år. Når var Suarez sist skada? Enrique derimot er redd for at er ferdig... Skadehistorikken taler mot han! Toppnivået er fantastisk, men skadeplaga. Spennande å sjå kven me kan lokke inn nå når me har CL- fotball og ein attraktiv måte å spela fotball på å lokke med! Trur det er mange som har lagt merke med Liverpools fotball under Brendan Rodgers og kan tenke seg å vera med på det prosjektet. Tida vil vise om han kan bli like legendarisk som Shankley og Ferguson... I førsteomgang må me stabilisere oss som fast inventar i topp fire. Deretter får me sjå kva som skjer. I år var over all forventning, og det har skjedd uventa ting i serieinnspurten før. Ellers prøver me igjen neste år!
  14. Jepp! Lett å vera etterpåklok. Viktigaste årsaken til at det skar seg på slutten er mangelen av Henderson. Han gjer dei andre gode ved å jobbe for tre. Fatter ikkje kva mannen er laga av! Men eg er fantastisk fornøgd med sesongen og gleder meg allereie til neste sesong med direktekvalifisering til CL og full pakke. Så er plutseleg kampar nok til å vise at stallen er breiare enn sjalu supportere av andre lag meiner. Digg å sjå på kampane til laget som for øyeblikket speler den mest underholdande fotballen i ligaen...
  15. Hjelper lite med nokre av ligaens beste midtstoppere når taktikken gjer at me ofte står med ein tre igjen aleine bak. Backane skal fungere som breiddeholdarar og vingar først og fremst. Tempoproblem og løpstyrke kombinert med duellkraft har blitt avslørt utan Henderson på midten. Dette var det største problemet i går. Lucas og Gerrard saman er lite verdt... Intensiteten i spelet hans har kamuflert andre sine svakheter defansivt i mange kampar. I tillegg er han alltid spelbar og mister sjelden ballen. I mine auge lagets viktigaste spelar (ikkje den beste...) år. I går held eg Coutinho personleg ansvarleg for tredje målet. Han daffer heim. Totalt utslitt etter 10 min som innbytter... Kunne lett laga eit profesjonelt frispark og tatt eit kort for holding og stoppa kontringen mot. Det verste er at han med friske føter er treigare heim enn Gerrard og Lucas som begge startar høgare i banen enn han. Hadde han gjort jobben kunne han ha vore med og stengt farlige rom. Hater offensive luksusspelarar utan defansiv disiplin. Og eg som trudde Coutinho hadde begynt å lære det defansive i løpet av kampane som indreløpar... I tillegg begriper eg ikkje kvifor Agger er benka. Er bare å sjå resultata med og utan han på banen over fleire år. Trass alt ein grunn for at Barca prøver å hente han kvar sommar... Men du verden så mykje kjekkare det er å vera med i Gullkampen med offansiv festfotball og følgje City heilt inn enn det har vore dei siste sesongane...
  16. flygefisk

    UV lykt

    Har herda nokre fluer i sola med den Lina UV limen. Men nå stinker flueboksen død og fordervelse... Er vel sånn at UV limen er luktfri når alt fungerer som det skal med laseren?
  17. flygefisk

    UV lykt

    Gje lyd! Så er eg interessert i å prøve!
  18. flygefisk

    UV lykt

    Spennande. Prisantydning?
  19. flygefisk

    UV lykt

    Då må eg bare seie tusen takk for mange gode svar. Har blitt litt klokare. Nå har eg ein boks med fluer til baking i solveggen. Lina UV-lim frå Ebay. Skal gje laseren ein ny sjanse med Bug Off og Diamond Resin frå Deer Creek før eg evt går til anskaffelse av noko anna. Eg har sånn god gammaldags med ei tynn lysstråle... Ser seriøst ut som at Deer Creek sin er akkurat lik, men med ein ekstra filterfinesse og logo. Kan det stemme? Min er solgt som laserpeker. Men andre har fått den til å fungere så limet ryker... Her er linken til den eg har: http://www.ebay.co.uk/itm/Powerful-High-Strong-UV-Purple-Ray-Led-Light-Beam-Lazer-Laser-Pointer-Pen-1mW-/140981922069?ssPageName=ADME:L:OC:US:3160
  20. flygefisk

    UV lykt

    Bruker du laser eller lykt? Holder du evt laseren i ro på eit punkt?
  21. flygefisk

    UV lykt

    Prøvd Deer Creek lampa på Bug Bond limen? Ein kompis bruker Bug Bond og han seier at det er stor forskjell etter at han fant ei lampe som gjorde jobben!
  22. flygefisk

    UV lykt

    Venter på Deer Creek Lim på vei over pytten. Håper å kunne bruke den laserherderen eg har. Men det er mulig eg bør ordne lykt også. Syns egentlig ikkje laser var så gunstig. Det du vinner på overlegen effekt, taper du vel fort ved at det er eit lite område i slengen du herder... Eller er det eg som bruker den feil? Blir ein smule trøtt i augene også etter litt bruk, så mulig eg bør bruke solbriller?
  23. flygefisk

    UV lykt

    Har sett ein test ut i sola i dag. Då herda limen... Mulig den laserlykta mi ikkje gjer jobben? Ei som vart anbefalt til dette formålet... 405 nm skulle vera rette bølgelengde eller kva det nå går i! Andre som har gjort tilsvarande test med Lina UV lim?
  24. flygefisk

    UV lykt

    Fekk Lina lim med blank kost. Herda ikkje... Er det sånn at det er kun dei annonsene som har svart kost som er vits å kjøpe av? Nokre som har funne tak i noko svart uv lim? Tenker til auger på reker og sånt. Gidder ikkje blande farge i kvar gong...
  25. Har ikkje prøvd ridgeline i intermediate. Men har denne i flyt i klasse 6 til laksen i elv og sjøaure i sjøen. Har kutta ein halvmeter eller noko meir i fronten slik at den slår over sjølv store tubefluer utan problem når du har ein rett dimensjonert fortom. Mulig det er noko å tenke på med denne også?
×
×
  • Opprett ny...