Gå til innhold

Ny film: "HOME FOR SALMON"


Fjellfiskar

Anbefalte innlegg

Hadde gleden av å få sjå Kristian Topp sin nye film " Home for Salmon" på Frogner kino på fredag. :o Dette er nok bortimot the "final piece of art" når det gjeld filmar frå Kola. :D Utruleg flott skildring av natur, fisk og folk som filmteknisk overgår alt eg har sett til no. Filmen inneheldt ein aure del som gav så stor "Oksygengjeld" at folk i salen byrja å gispe etter luft. Vak og take der fisken brukar 5 sekund frå hovudet bryt vassfilmen, til den vinkar eit sentimentalt farvel med halen, gjev frysningar på ryggen. Det blir kommentert av Kai Finbråten på flytande engelsk, som i tillegg ville fått ein engelsklærar i skulen til å grine av yrkesstolthet. Undervannsbilete av laks som tek fluga er så klare at du kan binde fluga etter å ha sett filmen! Det appelerar sjølv til ein aurefiskar. Filmen hadde også eit innslag om forvaltning, og det er ei skandale at ikkje nokon frå miljøverndepartementet tek seg tid til å koma. Det kunne vore ein motivasjon til å prøve og opne augo for kva som skjer og kva som blir gjort utanfor Noreg.

Rett og slett ein utruleg flott film!  Gratulere! :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Helt klart den beste filmen jeg har sett noen gang. forvaltningsmetodene er nok ikke gjennomførbare for mange som vill ete det de fanger men man kan altids lære noe av den filmen.)

synd kinosalen var så tom som den var over halve salen var ledig trur en ørretfisker som har fantasert om ufattelig fine forhold masse fluer og stooor vakende ørret har godt av og se hvor fantastisk ting kan være:) bare innført noen få gode regler for noen vann og vassdrag her i norge får håpe den noen gang kommer på dvd eller i det minste at cnn kjøper den og sender den fort:) ja de kamerasene med både laks og ørret var helt utrolige nesten for bra skulle tru det var filma i en tank med kameraer på nert hold.

om  folk noen gang får kjangs til og se denna filen er det ikke tvil det bør dere se:)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
×
×
  • Opprett ny...