Gå til innhold

jak

Members
  • Innlegg

    147
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

  • Dager vunnet

    5

Alt skrevet av jak

  1. Mesteparten av mitt fiske er etter aure på mellom 1-3 hg, slik er det på vestlandet når ein må bruke nærområda til mesteparten av sitt fiske. Å fiske så liten fisk med karbon i klasse 4-5 er ganske kjedelig. Kjøpte ei stang i #2 som viste seg å vera underklassifisert men virka veldig bra med snøre i klasse 4 og 5. Ok, då må eg bygge meg ei lett stang fann eg ut, ei med relativ roleg aksjon som er det eg likar å kaste med i tillegg til at eg vil ha ei kort stang som egnar seg for litt busk og kratt og skogselver, 6-7 fot tenkte eg var bra. I karbon eksisterar det ikkje slikt. Då er glassfiber eller bambus tingen visstnok. Tanken på å bygge stangemne heilt frå botnen av og kunne sjølv velge aksjon og lengde med meir var veldig fristande. Imidlertid så er visstnok splitcanebygging jekla tidkrevjande og dyrt. Du treng høvelformer til 5000-10000,- høvel til tusenvis av kroner med meir. Som det står i ei av bøkene "You need tree different sets of forms to build a rod"...... Derfor leste eg meg opp på glassfiber men så kom eg over denne lenka: http://www.rodbuildingforum.com/index.php?showtopic=15417 http://www.rodbuildingforum.com/index.php?showtopic=12440&hl=%2Bpoor+%2Bmans+%2Bquad Ein enkel og ikkje så kostbar måte å bygge splitcane på, hm, dette må eg kanskje prøve. Det enklaste skal vera å få tak i bambus visstnok, det viste seg at det er det vanskelegaste og dyraste i heile prosjektet. Pga lengde er det DYRT å sende, siden alt over 120 cm er spesialpost. 100 euro i frakt er i overkant. billeg bambus som var stor nok var heller ikkje å oppdrive på lokale hagesenter. Til slutt så kjøpte eg eksklusiv stangbyggerbambus frå tyskland, som vart kappa i 120 cm lengder og sendt derifrå, men prisen for 3x120 cm kom på 1000 NOK. Ut frå prøving og feiling så ser eg at eg iallefall får ut minst 5-6 stangemner(håper eg dersom eg ikkje roter for mykje). Då vert ikkje prisen so galen... sa han for å rettferdiggjera prosjektet ;-). Så kjøpte eg billeg høvel på biltema, litt anna stasj og puste opp ein gamal stanleyhøvel i tillegg. Kan sei at å bryne høvelblad var noko av det mest tidkrevjande. Prosessen er i grove trekk slik det er i lenka over. Varmebehandling var med propanbrenner. Høvla med støthøvel, det gjekk fint med ein billeghøvel som var brynt slik at den var veldig skarp. I tillegg måttte den stillast inn slik at den ikkje tok for mykje eller for lite av (veldig viktig). Nodane høvla eg ned, det vil sei at eg ikkje pressa dei, som i splicanemiljøet er som å drikke brennevin i julegudstenesta... men etter å ha lest på nett så tok eg den snarvegen. Etter litt fomling med høvling så gjekk dette veldig greit egentlig. Siste finpussen tok eg med ei skrape og målte ofte med eit mikrometer (kjøpt billeg på ebay). Til å rette ut stangemna brukte eg ein brødrister. Liming gjekk med titebond. Fullførte stanga på vanleg måte når stangemne var klart. Utfordring: tupp nr 1 hadde ein vridning i seg når den vart bøyd, dette fordi eg ikkje klarte å holde den kvadratisk men vart høgare enn brei, noko som gjorde at den ved belastning bøyde seg til ei av sidene. Lærdom: lag breiare enn høgare evt kvadratisk. Splitt mykje breiare enn du trur du treng, godt å ha ein god feilmarging. Tupp nr 2: hm svak vridning som openbart ligg i ein node, knakk skiten når eg skulle prøve å varme og vri den på plass. Tupp nr 3: spot on, veldig god og nøgd med resultatet. Stanga er bygd som ei nunley sunfish #2, 6 fot, 2-delt. Ettersom det var mi fyrste stang så tok eg for lite av i forsiktighetens namn og har fått ei stang som nok er meir #3. Korleis kaster denne stanga? Eg har kun kasta med splitcane i klasse#7 type hørgård i 9,5 fot. Derfor har eg ikkje noko samanlikningsgrunnlag. MEN stang er mjuk, med litt ryggrad slik at den er veldig god å kaste med opp til 10-15 m, og veldig god til småelver og småvatn, som og var intensjonen. Er ikkje god i vind men det kan vera at stanga er for lett eller at den berre er 6 fot. Er uansett ikkje ei høgfjellsstang. Har siste månaden kun brukt den og synes den er konge å kaste og presentera med. Mogleg at timane eg har brukt til bygging verkar inn her og gjer denne vurderinga subjektiv. Masse følelse og gøy å kjøre fisk med den. Krever litt meir timing i kastinga enn karbon men det går seg til. SKal ferdigstille ei #4 i løpet av hausten og er spent på om den vert raskare og spenstig. Det er veldig gøy å bygge men krev litt rom for feil, har som sagt gjort nokre feil og dersom eg skulle gjort dette opp at så ville eg starta med billeg hagelandbambus for å gjera feila der. I tillegg kunne eg tenkt meg å kaste med splitcane i klasse 3 og 4 som er tilnærma lik det eg lager slik at eg hadde eit samanlikningsgrunnlag. Tidsbruk: Ser at dei som har litt trening seier at stangemne er klart på 5-6 timer men eg har såklart brukt mykje meir. Med finslipt høvel så trur eg at eg skal kunne ha klart eit stangemne på 10 t , men kanskje litt mindre når eg har trening. Totalkostnad, tja bambus var dyrt, i tillegg har eg brukt billegløysingar. Måtte kjøpe mange limklemmer, sandpapir, mikrometer, propanbrenner (det funker ikkje med primus), støthøvel, lim ++. Adskilleg billegare enn å bygge ei 6kanta splitcane men hadde fått eit godt stangemne i glassfiber eller 2 for prisen i utstyr. I tillegg er det jo adskillig meir tidkrevjande. Men når eg har utstyret så kan eg jo bygge veldig mange stenger men det er jo såklart eit spørsmål kor mange eg treng..... Ville eg starta dette når eg ser kor mykje arbeid det er? Usikker, men dei fleste av mine DIY prosjekt, alltid meir jobb enn eg trur. Eg er sikker på at ting går raskare etterkvart, eg er iallefall nøgd med resultatet og er spent på korleis ei lengre og tyngre stang kastar. Å bygge stangemner på denne måte ser eg har sine begrensingar, det er vist til at det ikkje bør over 8 fot og ikkje over klasse 5 til 6 fordi vekta vert stor, men vi får sjå. No har eg laga ferdig eit stangemne i #4, tredelt 6 fots, som skal ferdigstillast i løpet av hausten innimellom alle plikter som ein småbarnspappa med rekkehus og hage og jobb har. Skal i vinter lage ei 3 delt 7,5 fots #5, i tillegg til ei 6,5 fots #5 2 delt til lett sjøaurefiske. Nyttige lenker som eg har lest ein del er: http://www.bamboorodmaking.com/Tips-files/Tips.html (Klikk på PMQ) http://www.bamboorodmaking.com/Tutorials-files/2StripQuads.html
  2. Telescopemna er kjøp frå kina på ali, evt var det stort utvalg på ebay. Stengene er 240 cm lange. Pris pr var 35,-, ferdig tilsendt. Kork er vinkork frå europris, 6 stk pr håndtak. Ville holde prisen nede og gjekk derfor ikkje for standard kork og ikkje minst så treng ungar mykje mindre diameter på håndtaket slik at vinkork funka veldig fint. Eg vurderte å bygge ei vanleg 7' glassfiberstang, der eg berre lagde med snellefeste og ringer og alt, og så kan jo den brukast med kun snøre utan snelle, og med snelle når den tid kom men då hadde eg ikkje kunna laga mangen av dei, og det var litt kjekt å lage og gje vekk. Skal legga ut litt bilete og erfaring om litt.
  3. Eg har ingen stor misjonær i meg men når det gjeld mine yngre slektningar så er eg av den oppfatninga at dei bør få muligheten til å fiske med flue. Men å utstyre 5-6-7-8 åringar med stang-snelle-fortom og flue er jo bare for innvikla ser eg for meg. For å få ungar til å fiske gjeld 2 ting; 1) det må vera enkelt og 2) det må vera gøy (dvs må få fisk). Erfaringsmessig er makk og bjørkeraie i bekk veldig god måte å få ungar interessert i fiske. Korleis finne noko som liknar? Så fant eg på nett om diy tenkara, dvs kjøp karpestang i glassfiber, sett på kork og litt line, og vips har du ein enkel men presis stang som er morro og lett og få fisk på. Har laga 4 stk no og delt ut. No ventar vi på at vårflaumen skal gje seg. Fluene er maur, biller, stankelbein, edderkopp og slikt som ungar lett kan relatera til og stort sett tørrfluer. Dette fordi det er meir visuelt og kanskje enklare å kroke fisken, vi får sjå. Kostnad pr stang under 100,-. Her er inspirasjonslenke: http://www.instructables.com/id/Ten-Dollar-Tenkara/
  4. Selger Slate H2O 9,3 #7 inkl tube. Stanga er lite brukt og har stort sett lege i boden. Pris 400,- ekskl frakt. Kan hive med ei okuma airframe snelle i grafitt med synkesnøre og bakline til samla sum 500,- dersom det er av interesse. Stanga er i Bergen.
  5. Ikkje gjer dette til ei trening, dvs kastetrening kor gøy er det egentlig? Kort stang, 6-7 fot. Til kortere til betre kontroll. Eg har laga ei slik ei (http://www.instructables.com/id/Ten-Dollar-Tenkara/) Har ikkje vore i vatn enda men avkommet synes det er kjempegøy og denge rundt på plenen, så når is og snø er smelta så vert det prøvetur. Har bunde opp ein god del landinsekt som biller og maur og stankelbein med meir etter tips frå avkommet kva dei vil fiska med. Det er jo litt gøyare å sette på ein edderkopp enn ein eller anna kjip tørr myggvariant. Tunge snører på lette stenger gjer det lett å denge snøret ut i elva. Elv og bekker med masse småfisk, då er det ikkje så følsomt for presentasjonen eller kastelengder, lett å få snøret ut. Og som det er sagt over, legg fiskestanga di igjen heime, fullt fokus på ungane sitt fiske.
  6. Såg den, fristande MEN den rasjonelle delen av hjernen min slo inn og konkluderte med at det er begrensa kor mange stenger eg klarar å bruke i # 2-5.... det viser seg at det er ein mismatch mellom kva eg treng og kva eg har lyst på...
  7. Godt utvalg i forskjellige blanks, spesielt glassfiber: https://www.proofflyfishing.com Har ikkje prøvde desse sjølv men ser dei får gode pris vs kvalitet i ulike forum. på etsy.com er det ein del fine blanks på tanihwa. Hilevel.se har ein del salg på bla glassfiber no.
  8. jak

    Ny maling på snelle

    Eloksering ligg nok utanfor det som eg skal sysle med sjølv om det er gøy med litt garasjekjemi :-) Trur eg må innom i billakkeringbutikken og høyre om dei har noko metalic på sprayflaske og prøve om det faktisk fungerar, billeg snelle så ikkje noko stort tap om det går åt skogen.
  9. Nidra streamer eller piske dødt vatn med tørrflue, pick your choice. Intermediat line med stanglengde fortom. Opplever at ikkje mønster på streamer viktig. Eg bruker ein slags march brown gold variant med og utan gullhovudet i str 8-12. Str er viktig, lite aktivitet = mindre str. Er jo ein metode med hurtigsynkende snøre og fluer med flyteelement i. Kast snøre ut og la det synke til botn, og dra nykkvis inn med f eks ryggsvømmer eller marflomønster på. Må jo vera gøy, har den på blokka og skal prøvast ut ganske snart. Er skildra i blant anna Lafontain si bok "Mine beste fluer".
  10. Hei, nokon som har erfaring med å pusse ned eldre fluesneller og male på nytt? Har nokre eldre sneller der maling flasser. Er det godt nok å pusse ned med stålbørste og spraylakke med f eks billakk?
  11. Finnes ein del forskjellig på markedet, f eks http://www.taimen.com/en/no/product/floating-strike-indicator_99930385/102898 Men det er veldig lett å lage noko slikt sjølv, så dersom du har noko gul mono eller farga backing så kan du jo berre lage noko, sjekk ulike metodar f eks her: https://troutbitten.com/2016/02/11/sighters-seven-separate-tools/ Eg har heilt gått over til https://troutbitten.com/2014/11/05/the-backing-barrel/ fordi denne er enkel, lett å kaste med , godt synleg OG ikkje minst så kan den enkelt justerast på djupne. Bruker 2-3 slike på fortom. Min bruk er i bekk/halvstore elver med rask straum med djupen inn til 1,5 m.
  12. Hei, skal prøve å få nokre unge slektningar interessert i fluefiske. Er det nokon bekk/elv rundt Bogstad/sørkedalen/bærumsmarka med masse småaure som er ikkje altfor langt vekk frå veg (dvs egne seg for kveldstur) som har masse småfisk som er lett å få? Andre plasser ut over det eg har lagt inn her? Lysakerelva, er det ope fiske i denne og er det bra med småaure her?
  13. Hei, lurer på om du har laga ferdig denen stanga, eg er på utkikk etter ei 7 delt blanks og vurderar denne, og lurte på om du har prøvekasta denne og kan kome med ei vurdering av korleis den kjennes ut?
  14. Har sett på dei. er foresten 175,- dkk minus moms så vert vel litt billegare.
  15. I elv vil eg tru at lyd kanskje ikkje er så skremmande ettersom det er eit kraftig lydbilete her allereie?
  16. Etter å ha brukt ulike hjortedyrshårkreasjonar (har vore innom dei allomtrent) med og utan impregnering så er det ingen tvil om at desse har si levetid, dvs at dei flyt ikkje i det uendelige. Det er derfor eg putta inn "uansett" i tittelen. Bakgrunnen for mitt ynskje er å ha noko som flyt etter å ha tatt 20 fisk i løpet av ein time, fordi mykje av mitt fiske er i små elver og vatn med mykje småfisk. Då blir det fort 40 fisk til dagen og då vert ein lei av å skifte streaking caddis for kvar 3 fisk. Svaret ser ut til å vera foam og celleplast... derfor er det fint om nokon har erfaring som dei vil dele. Ser foresten ikkje noko motstrid mellom å ha noko som flyt godt og fiskar godt? Nokon som har prøvd Lafontain sin "Wiggler"?
  17. Nei, ender som regel opp uten impregnering fordi boksen forsvinn eller er gløymd og slikt. Derfor vil eg ha ei som flyt og flyt utan impregnering.
  18. Nokon som har eit mønster som flyt veldig bra, dvs betre enn streaking caddis? Vil ha eit mønster til dropper i litt uroleg elv. Har balsaveps men den tek ein del tid å binde, nokon som har andre mønster som flyt bra?
  19. Hei, bra initiativ, dette er ein fiskemetode som er både veldig enkel og litt avansert alt ettersom kva dag det er. Men kva meiner du med at det ikkje fungerar, får du ikkje fisk med svakare straum? Når det er 2 m og djupare er min erfaring at det er utfordrande med for mykje snøre ute, mister kontakten med snøre og registrerar få napp. Får betre resultat med kort avstand mellom stangtupp og krok. Svakare straum betyr at fortom ikkje er så stram og det verkar som om justering av lengde mellom nappindikator og nymfer er viktigare enn dersom det er sterkare straum.
  20. Skikkeleg drittartikkel, no må folk ta ansvar og gå på jobb i vinterhalvåret! Har dessuten slitt ut John Kent boka mi og madamen lurar på om eg får betalt for å vera på googlemaps new zealand.
  21. Risengrynsgraut, super mat kvar morgon. Lagast av hurtiggrautris + tørrmjelk. Bannocks, ein type pannebrød med mjølblanding og bakepulver, blandast med vatn, veldig godt for småfolk med prim eller nugatti på. Når det gjeld middag så tørk ein del kjøtt og flesk slik at du kan sprite opp toroposane, evt spekeskinke eller chorizo som steikast lett før du har det oppi. Blir veldig lei av real og toro etter ei veke og to.
  22. Gjer det enkelt til å begynne med, bruk kun eit fåtal fluer i gråbruntoliven i str 10 - 16. Hugs at fisken er ikkje så nøye på mønster men kan låsa seg på str, spes i fjellvatn, får du ikkje fisk så lønner det seg ofte å gå ned i str. på krok. - streaking caddis i str 10-14, imiterar litt alt, flyt godt og er solid, veldig god. - Black gnat eller Griffiths gnat i str 16 - 18 imiterar alt som er smått som t d mygg. - hareørenymfe i str 10-18, nokon fortynga og nokon ikkje. Skal du ha eit til å gå for ein klekkar, t d klinkhammer i str 12-18, denne er supert til alt fiske. Dette er det meste du treng året rundt.
  23. Må ikkje vera pchøytaler, alt mogleg som kan koblast til pc er bra, berre det er god lyd og høytalaren er liten nok til å puttast i sekken. Domestiserte høytalarar vil eg prøva å unngå, slik at eg sikrar litt respekt på min respektive arbeidsplass :-)
  24. Forslag til god veldig liten PC høyttaler?
  25. IKKJE tenk så mykje på kva flue du bruker. Fokuser på kasting og presentasjon, hugs at skremt fisk bit ikkje.
×
×
  • Opprett ny...